torsdag 17. januar 2013

Våren i anmarsj


Med så flotte kommentarar både her og på fjesboko, ny følgar ( Velkommen skal du vere!!) og mange treff på bloggen, så inspirerer det meg verkeleg til blogge.
Så gøy!


For tida jobbar eg i gartneriet saman med pappa og bror min. Vi plantar roser, sånn at de kan komme og kjøpe flotte roser til hagen dykkar til våren.

Vi jobbar i termodress, hue, vintersko og sjølvsagt ull.
Passar meg heilt fint.
Då er pausen heime i varma huset til mamma ekstra godt kl 12.



Det er svært kaldt her hos oss for tida, ned mot minus 8.
Ute sjølvsagt, for inne er det godt og varmt.
Vi har vannboren varme, dreve av varmepumpe. Den har verkeleg fått prøvd seg i vinter, og vist at den fungerer heilt supert.
Vi har ikkje fyrt i ovnen vår ein einaste gang enda.


Sjølv om det er kaldt ute, skin sola midt på dagen.
Eg tør påstå at våren er i anmarsj, 
derfor har eg kjøpt med perleblom i dag,
så kan det iallefall vere litt vår her inne.

Perleblom sel vi på Fredheim Blomster,
du kan ha den inne men held seg best ute.
Min skal få vere inne litt, og takast ut når det er litt mildare.

Ha ein fin kveld alle saman,
vi skal snart hente heim mannen etter 2 veker på jobb.

6 kommentarer:

  1. Hei !
    Godt du er kledd etter forholda for no er det skikkelig kaldt. Hadde det berre kome litt snø :)
    Fifnfin torsdag vidare til deg !
    Klem

    SvarSlett
  2. Deilig at det går mot vår nå! Jeg gleder meg skikkelig til lysere og varmede dager!
    Må kjøpe meg en sånn perleblomst snart. Det minner sånn om våren!
    Ønsker deg en NydeligFlott torsdagskveld!!
    Klem fra Julie :-)

    SvarSlett
  3. Så trist at du slutta å blogge,
    og
    så glad at du starta igjen☺

    Skjedde samme med meg; fekk beskjed om full bildebank før jul og etter nyttår var det plutseleg ingen problem☺

    Stjernene er kjøpt hos plantasjen☺

    Klem M♥

    SvarSlett
  4. Heeey! Youre back :D
    Det var det eg visste...hihi..
    No e da eg som ligg dau... Fullt fokus på trening og mat ein periode.. Og da e jo jammen meg ALDRI lyst når eg e heima..!
    Føle for litt vår og sommarfølelse snart.. shit i heile vinteren!

    tulipanar kom i hus her forgje helg.. litt vårfølelse det og.. med ingenting er som når første potta med muscara (eller ka dei no heiter desse perleblomane...) kjem i hus...

    Håpa de får ei fin helg!
    Klem

    SvarSlett
  5. Hey you:)
    Så koselig bilde, lysfatet ditt er knallfint:)
    Her e da malepause no, så snart loppekassen:)
    See you:)
    Klems meg:)

    SvarSlett