Det nærmer seg jul, og det nærmer seg "Jul i Rosendal"
God gamaldags julastemning med lukta av varme smultringar, kakao og nysteikte mjelkekaker. Ta med deg ungar og tanter, bestemor og bestefar. Her vil foregå mykje spanande ikkje minst for barna.
På marknaden kan du få kjøpt tøffe tova tøfler og anna handlaga av ny og gamal sort. Kortreist pinnakjøt, hjortapølse, julekaker og anna etande. Her kjem utstillarar frå Haugesund til Voss.
Dette er noko av det som beskriv denne flotte julemarknaden som vert arrangert
fredag 6. og laurdag 7. desember 2013.
Gå inn her for å sjå program, oversikt over utstillarar mm.
Eg er heldig som får vere med i arrangementkomiteen i år.
Dette er eit julemarknad eg gler meg til kvart år.
Tema i år er
SNØKRYSTALLAR
Kvart år lagar barnehagar og skular i området sitt bidrag til temaet,
som vert samla til ei stor utstilling i lokala til turistinformasjonen i Rosendal.
Mammo mi og ei veninne av henne har dei siste åra hatt kurs i å steike mjølkekaker.
Det skal dei i år og, torsdag 5. desember kl 18 og
søndag 8. desember kl 11.
Dersom du har lyst til å lære dette,
kan du melde deg på ved å ta kontakt med meg!
Bur du i området, synst eg så absolutt at du skal ta turen til Rosendal og delta på
"Jul i Rosendal"
Eg er der, med nissehua på :-)
Alle bileta er henta og lånt frå nettsida til "Jul i Rosendal"
Heisan..Eg har lyst å vera med på kurs.Helst Torsdag.Mvh inger Aspmo.
SvarSlett