lørdag 15. desember 2012

Perfekt heim


Eller "Perfect Home", 
sel desse fantastiske Lyra lyskulene.
Mi flotte veninne Hilde, er forhandlar og 
eg hadde party i november. 
Der var mange kjøpelystne damer, og då får vertinna 
(som denne gang var meg!!) gode tilbud.
 Eg kjøpte blandt anna desse to lyskulene.                                                                            Julete eller ikkje, eg kjem nok ikkje til å pakke 
desse vekk med julepynten sånn med ein gang.

(.....Prøver febrilsk å få til fine bilder....)



Stemningsfylt i heimen no i desse førjulstidene.


Dette er snop for damer som meg.


ByNord sin julepynt, lita kongle, ugle, nøtt og fugl.
Kjøpt hos Corneliashus.



God jul 


Vi sel vanvittig flotte roser på butikken vår.
I dag måtte eg ta med meg heim ein bukett med 10 roser.
Den står i ein Perfect Home vase eg er heilt forelska i.
Eg er ein "materialist", som likar tinga mine,
som blir glad når eg handlar nye ting, og  som synst det er terapi i shopping.
No før jul får eg utløp for dette både støtt og stadig.
Kjem på nye ting eg "må ha",
julehelsingar eg har gløymt å kjøpe,
julegåver i siste liten,
uansett kor godt forberedt eg trudde eg var....


Men no er det helg.
I morgon skal eg forberede førjulskos med den faste gjengen.
Gler meg veldig.
Gløgg, julebrød, kokosbollar, gåvebyte,
tradisjonar er viktige å halde på.

God helg vidare til alle flotte lesarar.






1 kommentar:

  1. Mornings:)

    Ååååå, dei lyskulene er så fine:). Så fine dei var på den hyllo di:)

    Gler meg masse til ikveld:)

    Klems Evelyn:)

    SvarSlett