søndag 5. februar 2012

Settekasse


Sånn settekasse hadde eg då eg var yngre. Eller, den såg ikkje sånn ut då. Den var brun. Ingen mamma som meinte den måtte malast då, nei.


Min settekasse er sporlaust forsvunne...jammen godt at "siddis-kusine" kom ilande med den ho hadde på jenterommet sitt, slik at tullemor kan få ei på da nya rommet sitt.

Litt grunning fyrst, så grå spray...vart den som ny!!



Tullemor, med ny frisyre for sesongen, var limar, mens mammo klypte til.


Perfekt team


Så kan jentetinga flytte inn i settekassen, som skal pryde jenterommet i nyahuset!


Det er søndagkveld i huset. Vinden ular rundt nåvene. Vi har vore mykje inne i dag, både her og i nyahuset. Ja, apropo nyahuset...der skjer det saker og ting. Er snart innflytningsklart!!

Men dagen i dag, er ein slik dag, der eg bare har lyst å legga meg igjen, og starte på nytt... Sånn er desverre ikkje livet, og eg får bare håpe på det beste og starte på nytt i morgon.

2 kommentarer:

  1. den blei jo kjempe kjempe fin solveig... flink du og tullemor er... :) kreativ gjeng!! ;)
    Klems... ;)

    SvarSlett