For 3 år sidan byrja eg å abonnere på Bo Bedre si julebok "Den store juleboken". Eg finn alltid mykje inspirasjon til pynting og baking i denne boka. I år har dei laga aktivitetar ein kan gjere dag for dag i heile desember.
Både Bo Bedre og eg har sansen for lerk og andre naturmaterialer.
Eg har veldi lyst å lære å lage slike papirstjerner. Kanskje eg skal søke oppskrift på "nettet der ein kan finne ALT!"
I år har eg ikkje kjøpt nokon av desse juleblada som kjem ut. Eg abonnerer på 4 (!) ulike blad for tida, og får nok både tips og inspirasjon til juletida der.
Flotte innpakningar er alltid kjekt å ha under treet. Eg får av og til eit innfall av at det skal eg og gjere i år...men så er det veldig sutalaust å få det innpakka i butikken. Enkelte butikkar har ganske så kjedeleg papir, og båndet som dei prøver å krølle....er av den "billige" sorten, og før det er komt i posen, er dei flate og lite fine. Faktisk så kunne eg betalt litt ekstra for å få fin og stilig innpakking på butikken.
I dag er det fina været, bare å komma seg ut!
ååå den boka så kjek ut!! Har kjøpt 3 julemagasiner... og vil ha mer ... hehe
SvarSlettHa en fin søndag!!
Klem fra odin!