lørdag 26. november 2011

Leik med mose


Der eg går på min faste tur, til Aterstad, er det masse fin mose. Eg har brukt den som heng på steinane, for då kan eg bare løfte den av.

Eg tok den heim på tørking, men blomedekoratør kusine sa at eg ikkje trengte tørke den, for den er lettare å jobbe med når den er fuktig.


Så leika eg meg litt med kva eg skulle bruke den til. Endte opp med ein ball, som eg surra sølvstreng rundt!


Naturleg dekorasjon på stovebordet.

No er frukosten eten, og vi skal gjere klart til kakemannbaking. Gler oss til koselig besøk som skal hjelpe oss å ete og bake ut deigen!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar