søndag 28. august 2011

Grå Skifer


Mannen byrja såvidt å male litt på den bordkledninga som er komme opp, sist han var heime. Litt greitt å gjere det medan stillaset er på plass. Vi har valgt fargen grå skifer frå Jotun. Karmane rundt glaset vert som dei er levert, i kvit eller S 0502-Y, for å vere heilt korrekt, men ellers vert det grått. 

Enkelte områder skal vere dekka i plater i betongfarge. ( Kva heitte dei platene, kjære?)


I mellom huset og garasjen, vert det stoooor terasse. Den skal gå fram mot inngangspartiet og, som er på oppsida. På dekket skal vi ha sibirsk lerk.


Nett no er det litt "still-stand" der oppe. Eine snikkaren er på eit anna prosjekt, den andre har viss spelt litt Old-boys-fotball og skada kneet (!), og mannen er i Brasil. Så no skjer det lite. Og eg vert utålmodig..


Her er garasjen komt opp og. Nede skal det vere verkstad og "furtebu", oppe skal vere dobbel garasje til bilane. 

På spørsmål, så skal huset vere i "minimalistisk" stil. Nokon tvilar på at eg får det til, men eg kjenner meg veldi komfortabel med slik stil iallefall. Lite og ingen lister, lite gardiner, reine linjer og klare enkle fargar, høgt under taket og mykje vindauge. Mannen er redd det blir litt sterilt, men der kan han slappe av, det blir det ikkje.

Eg har vakse opp i eit hus som er overfylt med ting og tang, er sikker på at mamma kan dekke til 100 personar. Og der er ingen plass på veggane til å henge opp nye ting. Slikt gjer meg litt "klaus"... Eg treng luft og åpne rom. 

Og eg er klar til å innrede!

4 kommentarer:

  1. Gleder meg veldig til å se huset ferdig innredet! Spennende spennende! Artig å lære noe om andre stiler enn det som er min egen.

    P.S. Hadde en litt anna forvetning til esla når jeg kjørte forbi i dag!

    SvarSlett
  2. Så utruleg kjekt å sjå at det går framover! :) Gledar meg masse til å få sjå det ferdige resultatet!!! :)

    SvarSlett
  3. Cembrit betongplater heiter veggplaten som skal opp min kjære :)

    SvarSlett
  4. Hilde Lande Eikeland1. september 2011 kl. 21:14

    Begynner å ta form no ja. Blir nok utrolig flott når det blir ferdig;-)

    SvarSlett