mandag 18. april 2011

Påske syssel


Etter ein dag der eg er ganske lei av mi eiga stemme (blir ofte det når vi har ferie, og vi liksom ska ha da så grueleg koseleg...) fordi eg seier så mykje, "nei" "ikkje gå der" "ikkje gjer ditt og ikkje gjer datt", og eg hadde fått putta ei svæææært trøytt tullemor i seng, løye kor vaken ho plutseleg var ETTER at ho var putta i seng... spurte junior om vi kunne spela Minotaurus spelet han fekk til jul av tante Heidi!



Det er eit Lego spel, som junior sjølv har bygd opp. Han var ikkje heilt "med på spelet" i juletider, men no er han definitivt med på spelereglane.


Eit spel eg kan anbefala til andre og. Om å gjere å komme seg inn til midten, utan at han der svarte fyren "tar deg". Og innimellom kan du stenga for motspelar med murar, alt etter kva du får på terningen. 

I morgon får vi lunsj-gjester, og det gler vi oss til. Håpar sola strålar like mykje i morgon og. Tullemor har fått påskeferie, og dersom ho vaknar før kl 6 i morgon og, kan det bli nybaka bollar på gjestene. Alle andre er og velkomne på besøk!!

2 kommentarer:

  1. Søren og, så det først nå jeg. Men spillet er jo et godt tips for oss hyttefolk! Har vært på visning i dag! Er jo helt strålende for oss! Nå venter vi i spenning. Skal få tilbakemelding etter påskeferien.... Ha en fin kveld! ...og tusen takk Solveig!

    SvarSlett