lørdag 23. april 2011

Hovden påsken 2011


Junior og eg var så heldige å få vere med gode vener på hyttetur til Hovden i påsken. Bilder av den utruleg stileg innreda hytta, håpar eg å få vise bilder av ein anna gong!

Vi plasserte tullemor hos bessen og bestemor, og køyrte avgårde på skjærtorsdag. Junior hadde fått reisesjuketablett OG sånne armband mot reisesjuka.....og turen gjekk smertefritt!

Evelyn og ungane tok godt i mot oss då vi kom, og etter kort stund kom og Hilde og hennas to små. Så var vi alle samla til lunsj, før det bar avgårde til badeland. Vi vaksne lengta nok inn på Spa avdelinga for nokre timar, men måtte ta til takke med boblebadet i badeland!


Fredag var det avgårde på ski. Sidan det er sein påske i år, var snøen godt brukt og litt "slush-følelse" utpå dagen.



Nr 16 i slalåmkonkuransen køyrte løypa perfekt.


Flott teknikk.


Og til slutt litt pauseunderholdning.

Ein flott gjeng og vere saman med på hyttetur, Mykje god mat, blandt anna ei fantastisk fiskesuppe som Hilde laga, god vin, sjokolade, brownies som Evelyn diska opp med og så vidare, og så vidare. Ikkje minst det gode selskapet vi hadde.

Takk alle saman for ein flott tur!

Det var veldig godt å komme heim og kose med tullemor igjen. Hadde savna ho mykje. No har freden senka seg, og vi har enda to dagar igjen av ferien, som kan nytast i shorts. Snakk om å reise frå vinter til sommar!

2 kommentarer:

  1. SO koseleg då☺ Ser ut som de har hatt det kjekt☺
    Håpe 1 påskedag blir fin☺

    Klem M♥

    SvarSlett
  2. Høyres ut som ein flott påske!! Nyt siste dagen til det fulle... :)

    SvarSlett