søndag 6. mars 2011

Ikkje etter planen


I dag skulle eg ha vist bilder av nydelege fastelavensbollar med krem. Eller av mine håpefulle på skirenn i Kvinnherad mesterskapet. Men det går ikkje alltid slik ein har tenkt.

Vi gjekk skirenn. Junior fullførte for eigen maskin. Tullemor synst ikkje den der skigåinga var noko særleg. Etter litt tårer, tok vi av skia og gjekk på beina til mål. Medalje fekk ho likevel. Og dei flotte ungdommane som delte ut medaljane heia ho i mål. Det sette eg pris på!! Og kameraet låg i bilen...

Det vart meir tårer i Fjellhaugen i dag. Tullemor var trøytt og ville heim. Junior sine tårer kom fordi han ikkje fekk stå på slalåm, slik planen var. Eg skjønar skuffelsen, og hadde veldi vondt av han. Så vi returnerte frå fjellet med tårer hos alle tre...


Bilda eg viser, tok eg medan eg stod å kokte graut i går. Denne flotte korga er perfekt til å ha krydder i.


                                              Salt skåla frå Bruka, bruker eg kvar dag!


  Tinga vi bruker nesten dagleg, er greie å ha i umiddelbar nærhet. Ungane er veldig glade i havregrynsgraut, eller havregryn i yogurten.

Og av ein eller anna merkeleg grunn, har vi måtta nytta makaroni som "hurtig erstatning" til middag, fleire gonger i det siste.



Kaffi drikk vi kvar einaste dag.


Gjestefotografen min var på jobb i går og. Ho tok mange bilder av meg, medan eg kokte graut. Her ser de kor lett tilgjengeleg krydderkorga mi er.

Tullemor og eg vert nok heime i morgon. Ho har blemmer på tunga og pittelitt feber. På tysdag fyller ho 3 år, og vil gjerne ha ho frisk til det! Og sidan ho ikkje var i form, droppa eg boller med krem...det er jo berre eg som et det likevel....

4 kommentarer:

  1. Huffda.. FOR ein dag.. ;)
    Håpar vesla kjem seg fort, og at skuffelsen te Junior lar seg reparera!

    Her har vi hatt boller med krem, noko eg ikkje likte før eg blei voksen... Mi eiga veslemor derimot.. var over seg av begeistring når ho i dag fekk smake krem, syltetøy og bolle for første gong! (Huttemegtu...ho kjem te å bli ein sånn ein søtmoms som ho mor sjølv...tihi..)

    SvarSlett
  2. Uff,,, Ser de for meg i Fjellhaugen.... Ikkje bare bare vera aleina med dei paa saanne ting, saa du ska jammen meg ha for paagangsmotet! Noken har stjaale boksavar fraa meg... SERI;ST!! Tippe at innstillingane e engelsk, ane kje koss eg faar ordna det her aa nuh. Dessuten e det seint aa eg maa legga meg. Faar bes;k av din erstattar i morgon tidlig...

    God natt og rektig god bedring te snuppaa!!!!

    Klem

    SvarSlett
  3. Ikkje alltid ting blir som vi har tenkt.
    Klem-Linda:-)

    SvarSlett
  4. Så koselig å lese om dagen din som siste syssel før jeg legger meg :)

    Hvis det er noe trøst, så ble det ikke boller på meg heller i dag, selv om jeg har tenkt og drømt om boller med krem hele uka.... men hvem har sagt at det må være fastelaven for å spise boller med krem...sånn egentlig?

    Ønsker deg en fin uke!

    SvarSlett