lørdag 26. februar 2011

Nytt frå Green Gate


Endeleg fekk eg sånn sukker-strøar frå Green gate. Den dei hadde i haust, fekk eg aldri tak i. Var utsolgt overalt.

Men på torsdag var eg ein tur innom 5 Høns på Stord, og der hadde dei fått inn ny kolleksjon. Den finns og i blå.


Eg var innom "Sæbøvik Gåver og leiker" og. Der heldt dei på å omøblera og pakka ut ei mengde varer!   Trur eg må innom der om ikkje så alt for lenge.

Sjølv om eg ikkje handlar så mykje for tida, er eg SVÆRT god på å kikka og drøyma kva eg skal ha i nya huset.

Innimellom no, sit eg ved symaskina og syr nye puter til stova. Eg treng litt fargar, og var innom Stoff og Stil og handla i går. ( Der var så mykje å velge i, at eg hadde store problem. Kom heim med 3 ulike stoff, 8 innleggsputer, 3 glidlåsar, 2 sytrå, og litt anna dill. De kan vere sikker på at det kjem på bloggen!! Så følg med!)

2 kommentarer:

  1. Kjempesøt!☺
    Skal til Bergen om nokre helgar og gleder meg til å besøke mange interiørbutikkar☺

    Ha ein strålande lørdag☺

    Klem M♥

    SvarSlett