mandag 24. mai 2010

Ny veke i gang!

Meg og roser, kunne overskrifta faktisk vore. For eg har vore innom Stemning i Rosendal ein tur, og sjå kva som tilfeldigvis bare "datt neri posen min"!!!! Dei var utruleg fine.


I dag var 2.pinse dag, og fotball cup i Rosendal. Då eg ikkje hadde med kamera, blir det ingen bilder derifrå. Det var surt og kaldt, men vi hadde det kjekt forda. Junior samarbeida med ein lagkamerat om å scora eit mål, og det var stort. Han har litt problem med å få med seg armar og bein, "kva mål dei skal scora på", kven han er på lag med og sånn, men det er ikkje det viktigaste. Men han kjem til å hugse lenge det at "han var med og scora eit mål". Og det er viktig for motivasjonen vidare!


Eg er forsåvidt klar til å begynne å pakke ned huset vårt, eg. Er klar for flytting. Og alt er planlagt oppi hovudet....men då eg opna eit skap på kjøkkenet, fann eg ein bunke med bilder som skulle i album. Så eg gjorde da i dag istadenfor. Måtte gjerast da og. Så no er eg ajour fram til og med sydenturen i november 2009. Ikkje verst bare det!

Ha ei fin veke alle saman.

2 kommentarer:

  1. Så flinke du he våre i dag då!!

    Nydelige lysastaka dine og ;-)

    Mine e faktisk kjøpt på Skånevik blomster og gaver! Skitbillige va dei og ;-)Tjihi!! *Liker*

    Fortstatt god veke til deg! Håpar at vetlå blir frisk ;-)

    PS -1,2 denne vekå. -Fornøgd-
    Kjekt å kunna nærma seg målet ;-)

    SvarSlett
  2. Tusen takk for award fra deg. Alltid koselig når en blir husket på.

    Så flott at dere har fått solgt huset da, vi solgte hus i fjor høst (har hatt 2 stk i noen år), litt under takst, men veldig fornøyde allikevel. Blir spennende å følge med på byggeprosessen deres, regner med at du oppdaterer på bloggen din ettervhert....

    Ønsker deg en flott kommende uke. Klem♥

    SvarSlett