torsdag 9. desember 2010

Norgesglas

Eg er veldig glad for at eg har teke vare på alle Norges-glasa eg har fått og funne(!). No set eg veldi pris på dei, og bruker dei stadig vekk. Men ikkje til hermetisering eller sylting, men stor sett alt anna.
 No er det brune pinnar ( merkeleg ....var den ikkje full sist eg såg??) og gjær! Dei står til vanleg på kjøkendisken, slik at dei er lett tilgjengelege. Og med desse flotte og julete "hettene" blir det veldig sånn koseleg-jule-kjøkken-detalj!
Vi har hatt ein roleg ettermiddag i dag. Mannen reiste på jobb i går (kjem han heim til jul, mon tru?) og den harde kvardag har innhenta oss.

Vi kosa oss med tomatsuppa til middag ( tusen takk til naboen som redda meg der!) sidan det var det ungane ynskte, så- mange- kakemenn-vi-ville-ha, til dessert og opptak av Jul på Månetoppen  heilt til barne-tv byrja på skikkeleg!

No er julakorto klare for utdeling/sending og! Godt med alt som er gjort.

Gler meg te ein kosleg kaffiavtale på Toftes bakeri i måro!!

1 kommentar:

  1. Må ha hengelås på krukken om ikkje det skal minke når får går heime å tusler- ;)

    SvarSlett