tirsdag 21. desember 2010

Julestrømpe

 I vår familie har vi ikkje hatt tradisjon med julestrømpe (julesokk var eit ord som blei litt rart...). Men etter at mor var på sykurs, så vert det ei endring på det.

Eg har printa ut bilde av gulla på sånt papir som eg kan stryke på. Og ellers er det ikkje noko hokkus pokus når du har lært av Marihøno
 Linstoff kjøpte eg på Halsnøy ( til ein stiv pris) men eg fekk no det eg leita etter, og det er jo viktigast!
Fòr har eg og sydd i. Det er nesten enklare enn å ikkje ha fòr i...

I dag starta juleferien for meg og junior. Han har fått betennelse på auga, og vi skal til legen no snart.

Ha ein fin 21. desember alle saman!!

2 kommentarer:

  1. Du svinga opp du Solveig, både med eitt og hitt! Takk for at du takkar! - Og linkar! Kjekt for meg det. Er veldig hekta, kan du sei.

    SvarSlett
  2. Så fine de var :-)Julestrømper har vi hatt her i snart 25 år, og strømpene er rimelig utslitt. MEN da jeg forslo at jeg skulle lage nye, ble det ville protester her. De skulle ha de gamle, utslitte og nesten møllspiste strømpene :-) Det ville visst ikke bli jul uten dem :-)

    SvarSlett