mandag 1. november 2010

Kremmerhus

 I kveld var det sykurs igjen! Eg gler meg verkeleg til dei timane. Og vi er ein super gjeng som samlast der. Vi ler og har da kjekt, og ler av oss sjølv når vi syr feil, og så blir vi litt sure, men så ler vi litt til.
 Eg har sydd ferdig ei veske som eg byrja på sist. den vart bare knallfin!! Eg skal vise den snart.

No før eg legg meg, ville eg vise eit kremmerhus eg og sydde. Her er det bare å la kreativiteten blomstre!
Søte detaljar! Og så mykje fint stoff det er der ute i stoff-verden!

Og veit du ka? Eg har knekt "sy-knapphol-koden".....så no mamma, viss du skulle kikka innom bloggen min for ein gong skuld. Så kan du vera stolt av jento di. Som no endeleg kan bruke symaskina du kjøpte til henne. Ho kan sy i glidelås, og sy knapphol teogmed!!

1 kommentar:

  1. Kjempefint kremmerhus, gleder meg til å se vesken du har sydd.

    Så gøy å høre at dere koser dere ilag, og at du føler du lærer en masse. Blir rene raceren på symaskina du etterhvert.

    Ønsker deg en flott uke, klem.

    SvarSlett