fredag 5. november 2010

Veske

 Her er enda eit produkt, made by me!! Eg er svært stolt over å kunne vise dykk denne flotte veska! Stoffet er eit gamalt stoff mamma fann inni eit skåp. Ho lurte på om eg kunne bruke det. Og gjett om eg kunne.
 Stoffet var passe tjukt/stivt, sånn at det skapte litt hald i veska. Og så er det lilla, min favorittfarge for tida....( jakke, briller, mobil og no veske...)
 Veska kan eg vrenge viss eg vil. den er like fin på denne sida, som på utsida. Her har eg bare brukt eit gamalt laken. I lilla....
Mange fine detaljar er det og. Mulig eg skal lage litt meir pynt på den. Eg må ha ein knapp etc, så det kjem etterkvart.

Denne veka har det blitt lite tid til sying. Det er litt meir hektisk når mannen er på jobb. Men eg håpar at eg skal få sy litt neste helg når han er heime igjen.

I morgon reiser eg til Bergen. Eg skal bu hos ei studieveninne, som skal få æra av å vere med meg på Mamma Mia!! Eg fekk to billettar til bursdagen av min kjære, og no gler eg meg til å reise. Ungane er vel plassert hos besteforeldra, og dei gleda seg veldi begge partar!

No har eg nytta frikvelden min med joggetur fyrst, og no ventar ein lang dusj, før tv og sofa gjeld!

Ha ei fin helg alle saman!!

2 kommentarer:

  1. Kjempefin veske du har sydd deg. Likte veldig godt fasongen på den.

    God tur til Bergen, kose deg masse, og nyt musical og veninnetur. Klem

    SvarSlett
  2. Du er blitt kjempeflink å sy Solveig! Imponert :)

    SvarSlett