søndag 7. november 2010

By-impulsar



I helga var eg i Bergen. Etter ein liten runde på diverse interiørbutikkar....(les: Riviera Maison, Holmehuset, Åhlens, og Farmors Hus...) utan å kjøpe anna enn muffinsformer som står god jul på ( ja, for det er ikkje julepynt!!) så tok eg meg ein pause på ein liten cafe som heitte "Eat my muffin". Jammen sa eg muffins. Nam alltså. Oreomuffins!!

Så møtte eg veninna mi, og vi var ein runde til i butikkane. Så då eg synst posane ( og weekendbagen eg fekk låne for anledningen, som eg nesten trur er min no...) var for tunge, gjekk vi på ein "ikkje barnevenleg" ( og då meiner eg at då vi begge småbarnsmødre endeleg var utan barn nokre timar, er det lov å sei at ein vil gå på ein cafe utan for mykje barnevogner, amming og småtassar som spring...) cafe og åt lunsj. "Aroma" heitte den!
 Club Sandwich mmmm
 og vin i glaset!
 Dessert? Sjølvsagt!

Og i gåve frå den gode veninna mi, fekk eg sjokolade! Ho veit kor glad eg er i slik spesiell sjokolade, som berre skal og kan nytast!! nam. I kveld skal eg nyta ein bit, saman med ein god kopp te og beina på bordet....(eller ved symaskina...)

Ei super helg, som vert avslutta saman med favorittane mine.

3 kommentarer:

  1. såg ikkje nåke speilegg eller kalkunpålegg på den clubsandwichen din...hi hi !!

    SvarSlett
  2. Ser ut som du har hatt ein flott tur, det er bra :) Som svar på om eg blir stressa av grøn julegåve, så går det nok bra du. Rommet hans har komt litt i bakgrunnen pga oppussing av stovene no, så du kan trygt tråkle vidare. Kjekt med heimelaga gåver :)

    SvarSlett
  3. Kjære anonym! Nei, ingen speilegg eller kalkunpålegg på sånn ein skikkeleg club sadwich!!! Eg kjenne det plagar meg litt endo da der. F....Egon på Plata alltså!

    SvarSlett