tirsdag 7. september 2010

Barcelona 1

Fredag den 3. september 2010 kjem til å bli ein dato eg seint vil gløyma. Det er nemlig dagen eg og 6 klubbveninner reiste til Barcelona for weekenden!

Vi hadde valgt (frivillig tvang?) to i komiteen, som planlagte og bestilte turen. Og på Flesland fekk vi utdelt kvar vår "goody-bag". Den inneheldt eit blad, reiseprogram, ei lita champangeflaska, ei lita baileys, sjokolade, pengebelte og ein liten pakke for "sikkerheten skuld"! Og som de ser, falt denne i smak hjå deltagarane.

Her har vi ankomme flyplassen i Barcelona, og varmen har slått i mot oss. Ca 30 grader og sol!

Og etter eit oppfriskande bad, ein svært sterk Mohjito, mykje "lått og løye", var jentene klare for å innta Barcelona by night! ( Eg har på meg kjolen eg hadde i bryllaup tidlegare i sommar, som eg kanskje har nemnt før...) Og høge hælar var eit must! ( men dei kom fort av igjen....)

Og Barcelona var ikkje trygg denne kvelden....       Forsetjelse kjem i morgon.....

1 kommentar: