søndag 1. august 2010

Blåbæridyll

I dag har vi vore på blåbærtur. Og til og med med våre to små, var det faktisk ein idyll. Vi plukka og dilla, og fekk tilsaman 1,2 kg, og det sjølv utan bærplukkaren....for den låg igjen heima...

Tullemor plukka og plukka, åt og åt. Mens junior han meinte sjølv at jobben hans var å speida etter blåbærtuene!!! Trur ikkje han plukka nokon i spannet, men magen var ganske full!

Litt skal eg frysa, og spara til smoothie seinare i vinter, og litt har vi hatt på pannekakene i dag. nam nam.

1 kommentar:

  1. Ååå det er så koslig å gå på blåbærtur!! Ser ut som dere hadde en flott tur med god fangst:-)

    SvarSlett