fredag 23. april 2010

Helg!


Var innom Hagesenteret i dag, og bare måtte ha med meg desse pottene med vårblomar i! Det var komme inn masse fint der oppe no. ( Nokon som veit kva det som står på betyr?)

Men det som ikkje kom fram på bildet, var at det snødde ute...Og det har det gjort i heile dag. Snø, hagl, regn, sol om kvarandre. Men i følge mamma, er dette heilt vanleg i april og delvis mai.

Eg har no vore heime i 14 dagar. Eg gjekk på ein liten "smell". Det var nok ein totalsituasjon av ein travel kvardag med barn, hus, jobb og det å alltid skal strekke til på alt. Eg fanga opp signala tidleg, og vart sjukemeldt. Eg har no fått henta meg inn, gått masse tur, hatt kvalitetstid med ungane, løyst kryssord og lege i badekaret! Høyres ut som ein ferie, men det har ikkje bare vore det. Eg har hatt litt oppturar og litt nedturar i løpet av denne tida. Og har måtta tatt nåken valg i høve jobb og privat. Og når eg kjem tilbake på jobb på mandag, skal eg ta til med litt andre arbeidsoppgåver. Tusen takk til sjefen min som har fulgt meg veldi godt opp denne tida, det har alt å sei!

No har eg fått mannen heim frå nordsjøen, og skal kose meg med han og litt Maarud chips i kveld! Ha ei fin helg alle saman.

4 kommentarer:

  1. God helg til deg og dine ♥!!

    I min heim e me kjærasta denne helgå!! Champagne og BIG ONE e meny'en i kveld!!

    SvarSlett
  2. "Hagene til Pierettene/Pierettenes hager"..altså Pierette er et etternavn...som eks"trærne til Hansens" ...husker da noe fra vgs...ler...

    Skal bli kjekt å få deg tilbake på jobb, selv om jeg synes at 2 uker var lite, men det kjenner du jo best selv ;-)

    Stor klem, og kosa dere ;-)

    SvarSlett
  3. Nydeleg blomsterpotte då! Forstår godt at du trengte ei pause til å hente deg innatt, det kan bli for mykje med krav og forventningar frå alt og alle. Ein skal liksom vere på topp på alle område. Grua meg litt til å begynne å jobbe igjen sånn sett, men slik er det jo for alle. Klokt av deg å ta signala frå kroppen på alvor-håper du har fått tatt godt vare på deg sjølv.
    (Nicholas sender ein stooor trøsteklem til tante)

    SvarSlett
  4. Så flotte bilder av blomstene!
    Håper du raskt blir bedre, og får masse kos og omsårg av mannen nå når du har han hjemme! Godt å hør at jobben stille opp!
    Ha fine dager!!

    SvarSlett