lørdag 27. februar 2010

Go`guten min

I dag vil eg bare visa bilde av guten min. Det har blitt mykje av vetlejento mi, og ikkje av han her. Da har ein naturleg grunn, og det er at ho ikkje har skjønt at ho ska stikka av når mamma tar opp kamera....men da har han. Men idag då vi va på ein privat skileik, laga han eit fotoshow for meg. Då e eg gla for at eg har nytt kamera, som eg kan ta nytt bilde nesten kvart sekund med. Og all ære til Anne Tone som stod bak akkuratt den bryllaupsgåva!!

Ellers har vi hatt ein veldi bra dag egentli. Alle dei tre små vakna kl 06.30. Noko eg synst va litt i overkant tidli. Men eg pakka alle tre i dyner, i sengo mi, med dvd på. Da roa situasjonen til 07.30, men då sku snuppo ha "skjeva", og dei to eldste ville sjå barne-tv. Så då va da igang. Og eg "stolar" ikkje heilt på dei, så då eg sku dusja, va da å setja snuppo i senga mi med Kaptein sabeltann på dvd, og Istid på i stova til gutta boys. Så gjekk da akuratt å bli våt, før fyrstemann kom inn. Han sku teikna, og lurte på kor blyantane va... Jada, men alt i alt har dagen vore fin. Så no set er på NRK for å sjå om Bjørgen får gull igjen!

ha ein fin lørdagskveld!

1 kommentar: