fredag 29. januar 2010

Helg

Sist vi var på klubb, hadde vi ein svært festlig leik/spel/konkurranse!! Den gjekk ut på at alle hadde med seg to gåver kvar til ca 50 kr. Alle gåvene vart lagt på bordet. Så byrja vi med ein terning og eit kast kvar. Den som fekk terningkast 6, kunne velge seg ei gåve frå haugen på bordet.
Etter at gåvene var "delt ut", sette vertinno på ei stoppeklokke. det var bare ho som visste kor lenge den sku vere på. I mellomtida skulle terningen gå vidare, eit kast til kvar. Og fekk ein 6, kunne ein ta gåver frå dei som hadde meir enn ei gåve.

Oj oj oj seie bare eg. Damene fekk konkurranseinnstinktet fram, ja. Terningen flaksa rundt, og gribbane ville ha gåver, kan du sei. Men gu kor gøy vi hadde da. Og då alarmen gjekk, hadde alle ei, to eller tre gåver. Inni mine gåver var dette innhaldet. Skåla øvest har eg sikla etter, og blei sjølvsagt svært glad. Og i den andre gåva var det denne te-en! Nam nam! Så eg va veldi nøgd med "fangsten"! Veit ikkje om alle blei lika nøgde...cowboyhatt, hundelys????

Denne helga har vi barnefri!! Prinsen e hos onkel Terje, og prinsesso e hos bestemor. Og dei har da heilt supert! Eg og mannen reiser til Bergen i måro, og skal sjå på Marit Voldsæter! Og ikkje minst...eg skal SHOPPA, bu på hotell og eta hotellfrukost!

God helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar