tirsdag 11. desember 2012

Strikka-stege




Strikka-stege med julakuler, etter design av Arne & Carlos.
Mamma har strikka alle,
eg har ikkje strikka ein einaste av dei.



Eg var så heldig å få vere på føredrag med dei to karane på 
Rosendal Turisthotell i fjor, like før jul.
Må sei eg blei veldig fasinert av dei,
morsomme karar,
som strikkar mykje.


Julakulene er skikkeleg kule, synst no eg.
men dei passar ikkje inn på julatreet mitt.


Fann difor ut at dei ville passa godt på stegen min.


Skikkeleg dårlege kveldsbilder,
men sånn går det når eg ikkje er heime på dagtid,
i det fine lyset.


I dag knuste eg mobilen min.
Uhell sjølvsagt, men det var veldig kjedli. 
Håpar på eg får dekka ny på forsikringa.
No har eg ein gamal telefon, og eg skjønar ikkje sms-styret. 
Det blir difor lite sms for tida, eg tar heller ein telefon.

Velkommen til nye følgarar.
Og takk til dåke andre trufaste lesarar.
Eg blir veldig glad viss fleire kommenterer og,
og eg set veldig pris på dei som skriv ei lita helsing til meg.

søndag 9. desember 2012

Ny ynskjeliste frå Hviit.no



Her er mi ynskeliste for veke 3 i utfordringa til Hviit.no.

Gå inn her , så kan du legge inn di ynskjeliste og!

God kveld til alle!




Solskinn


Ein dag eg var heime, skein sola så flott.
Den laga skuggar på veggen når eg tok bileta.


Fin lærk, men enda finare stjerner.
Nokon av dei har eg laga sjølv, med papir frå Dagbladet magasinet.
Skal kjøpe meg papirkuttar,
for det trengs når eg skal lage slike stjerner.
Det er viktig med beine strimler.
Skal love deg at dei ikkje alltid blir beine når eg skal klyppa...LOL...


Gamal vinballong frå barndommens rike.
Lærk frå Omvikdalen.
Stjerner DIY.


I dag trur eg vi må sjå langt etter sola,
det bles, er 2,5 plussgrader og våt snø.

Men vi skal på teater og sjå "Reisen til julestjernen",
og ikkje nok med det,
vi skal på hotellet og ete middag etterpå.
Perfekt å bli invitert på Familiejulebord ein slik søndag.
Mannen er på si 3. veke på jobb 
og ungane er lei "kjappismaten".

Fin søndag til dåke alle.
Velkommen til nye følgarar og lesarar,
eg set pris på dåke alle!


fredag 7. desember 2012

Jul i vårt hus


NIB har ei utfordring i desember:

"Jul i vårt hus"

Eg har ikkje vore med så mange ganger,
men har hatt i tankane at eg skulle delta denne gangen.

Etter oppfordring frå Diana med bloggen "My Dream",
har eg valgt ut bildet over her.



I tillegg likar eg godt desse bilda her,
så klare og fine.


Julepynting er så mangt,
og veldig individuelt.
I jobben min møter eg mange som alle har kvar sin stil.




Fleire velger vekk det raude, til fordel for kvitt og sølv.
Eg må ha med det raude og.



Diana har og hjulpe meg med ny header.
Kva synst du om den?

Den er litt uklar, fordi eg måtte forstørre den litt.
Dette skal vi fikse på etterkvart.

Så får eg freiste lukka hjå NIB.

No er det fredag,
ein spelar på PS,
 ei har sovna på sofaen.
Eg skal iallefall ta da med knusande ro i kveld.

God helg til deg.


torsdag 6. desember 2012

Nett som eg likar det


Enkelt


Dekorativt


Gjenbruk


ByNord


Natur

Enda ei inspirasjon frå Juleboka til Bo Bedre.

Ein flott 8 års dag er over, og jubilanten er storfornøyd.
Takk til alle som har bidrege til at guten min kan legga seg,
og vera storfornøyd etter to flotte feiringar.

No skal det komme meir jul i huset.
Det vil iallefall sei mange flotte julablomar,
som skal vere med meg heim frå jobb imåro.

Eg prøver å få til ein ny header, 
men treng visst eksperthjelp. 
Ler av meg sjølv.

tirsdag 4. desember 2012

Kjøkkenvekt


I juleboka til Bo Bedre, som eg har skrive om her, fekk eg 
inspirasjon til denne dekorasjonen.

Klart eg kan bruke kjøkkenvekta som står i skåpet til noko anna enn til vekt.


3 sviblar og mose frå Fredheim Blomster sjølvsagt.
Kongler frå Diana sin hage ( eller den var min den gongen)
Og furu frå nabotomta, der mange furuér er hogga ned.


Blei den ikkje stilig?

Synst eg iallefall.

No skal eg rett og slett legga meg på sofaen, sjå EM i handball,
drikka julabrus og eta Maarud.
Ein 8 års dag er over, velukka sådan.
Neste feiring er på torsdag, då er den skikkelege dagen her.

mandag 3. desember 2012

Ynskjeliste frå Hviit.no



Denne veka ynskjer eg meg fylgjande frå Hviit.no.

Du kan legge inn di ynskjeliste, 
og kvar søndag i advent trekk dei ut ei ynskjeliste som vinn noko frå lista si.

Eg er med!