torsdag 29. mars 2012

Putelykke


For ein fantastisk innflyttingspresang. 
Putelykke rett og slett.



Den er og mjuk, luktar godt, er god å ligge på, kjempefin og passar perfekt inn hos meg!

Det er snart helg og mannen kjeme heim. Eg håpar at vi skal bruke påsken på å få orden på alt som vi ikkje har fått orden på allerede. Mannen skal på Ikea ( ja, du ska da!!) og kjøpe det vi manglar. Vi skal skru og montere opp skap, slik at vi kan plassere det som ligg i esker framleis. 

Men egentlig.....så treng eg ikkje noko av det som framleis ligg nedpakka...sånn egentleg. 
Eg får sjå over det.
Ser at eg har meir enn mykje av alt.
( men det overskygge ikkje det faktum at han eg er gift med og har meir enn mykje av alt...)

Det vert vel bra til slutt!


onsdag 28. mars 2012

Og vinnarane er...


Vinnar av termokrus:   LENAPENAS-VERDEN



Vinnar av eggeholdarar: HUSMORDRONNINGA




Og trøstepremien går til: MONA GRØNNINGEN

Gratulere til alle vinnarane!

( Fint viss vinnarane sender meg adressa si på epost til solveig.hus@gmail.com, så sender eg gåvene i full fart!!)

Og tusen takk til Tilbords Husnes, som sponsa premiane!!

Til dåke som ikkje vant, fortvil ikkje....det kjem snart ny give away!!!


Siste frist i dag

Vil minne om siste frist for å melde seg på Give Awayen min, som de finn link til på sida her!

Den vert asvlutta kl 19 i kveld, og resultatet over kven som vinn, vil bli publisert like etterpå!

Lykke te!

søndag 18. mars 2012

Ugletre

Hugsar dåke at eg planla å lage eit tre med wallstickers som eg kjøpte hjå Panduro? Iallefall, her er treet ferdig.
Tullemor var med og festa uglene på, og var strålande fornøyd.
Ho kunne vel egentlig ha tenkt seg enda fleire ugler på treet... men mammo sa det var nok....


Laga ei lita ramme med ugler i og vi då, når vi fyrst var i gang.

Formen er betrakteleg betre. Mannen reiser på jobb i morgon, og vi driv og gjere huset vi budde i, klart for overlevering. Ser ein ende på det no...heldigvis...

God søndag til alle!

lørdag 17. mars 2012

Sol ute og det er vår!

Sjå kor sola kikkar inn vindauga.
Det nærmar seg veldig vår ute no. 
Ungane går i joggesko ( iallefall av og til!) og påskeliljene er komt i potte.

Snart påske er det og. 
Ferie som mest sannsynleg skal tilbringast i lavlandet.
I fjor var vi på Hovden og sto på ski, og heime var det over 20 grader. 
Påsken var vel litt seinare om eg hugsar rett.
Saknar å stå litt på ski. I år har det vore minimalt, desverre. Helso er på bedringens vei, så kanskje det blir ein tur i påsken likevel??!

Ha ein fin lørdag alle saman. 
Velkommen til nye følgarar og lesarar.
Bli med på Give Awayen, så kan du vinne kjekke premiar!
Klikk her for å vere med.

fredag 16. mars 2012

PH 5


fredagslykke



Lampane mine er på plass.


Kjøkkenet vart komplett no.
Veeel, manglar vel noko vesentleg oppforbi ventilatoren...meeeen men


Litt dårlege bilder no i kveldinga

Måtte bare visa dåke.


Montøren er pålogga nordsjømodus, og tar småjobbar for administratoren.
No er lampane på plass, dusjen oppe montert og jammen har eg ikkje fått tv på kjøkkenet og.

Bli med på Give Awayen min ved å klikke her

torsdag 15. mars 2012

Give Away



          Give Away hos Kvardagsgleder
Trekning 28.03.2012

Då vil eg med stor glede presentere ein Give Away, som eg har i samarbeid med Tilbords Husnes.

 Tilbords Husnes er ein flott utstyrsbutikk som ligg på Husnes Storsenter i Kvinnherad Kommune. Itillegg til alt av kjøkkenutstyr finn du ein liten avd. med klær frå Cream og Kaffe.

Vel verdt å ta turen innom denne flotte butikken!

Eg har 3 flotte premiar, som DU kan vere med og vinne!

1. premie: To termokrus frå Menu, i "strikkemønster".
2. premie: 2 trendy eggeholdarar  frå KG Design i påskegul farge




Trøstepremie: ein glass brikke frå KG Design, i påskegul farge

Reglane for å delta er

 1. lodd for å kommentere under dette innlegget. 
         ( Har du ikkje blogg, skriv du inn epostadressa di, 
sånn at eg lett kan få tak i deg!!)

 1. lodd for å trykke "liker" på Tilbords Husnes 
si facebookside. Då kan du trykke her

         1. lodd for å legge deg til som følgar på bloggen min.

      1. lodd for å linke til Give Awayen på bloggen din!

Husk å skrive kor mange lodd du tar.

Det vert trekning onsdag 28. mars 2012.
Lykke til!!