onsdag 7. mars 2012

Er på plass


No er vi på plass i nyahuset.
Det var lika bra som eg hadde forventa.
At eg fekk influensa midt oppi flttinga, var ingen hindring...eg blei bare litt ekstra sliten.


Noko av dei fyrste møblane som var på plass, var hagamøblane eg kjøpte hos Bo Grønt fredheim Gartneri i haust. Dei har stått på lager, og har no fått plass i stova. Planen er at dei skal ut til sommaren, men vi får no sjå.


Ovnen er på plass, grå med stålpipa.
Flott lesekrok for interiørblad, ein god kopp kaffi og litt sjokolade.

torsdag 1. mars 2012

Bad nede


Her er badet vi skal bruke sjølv. 

Innredning frå Linn Bad, type "Ingrid". 


Dusjen er Showrama 8-5 frå Ifø.



Baderomsplater på veggane og golvbelegg på golvet. Lettstelt og fint!

Takk for alle tilbakemeldingane om kjøkkenet. Og det blir BEGGE lampane. Gler meg masse til dei er på plass.

onsdag 29. februar 2012

Kjøkken lykke!


Etter 2 års planlegging, grubling, frustrasjon og glede, er huset vårt snart klart!
Kjøkkenet er frå Kvik, Mano Høyglans. Eg er veldig fornøyd.
Mannen klaga litt på at det var litt vrient å montere, men han har gjort ein kjempejobb.


Mykje benkplass er eit must for ei som likar å bake, og ein mann som likar å lage mat.
Dobbel vaskekum, som eg har skrive om før. 
Stort kjøleskap utan frys nede... sånn at vi får plass til ALT.
Steikeovn med "sjølvrensande" program. Går det an å få det betre.



PH- lampane står klare til montering.
Spørsmålet mitt til dykk; skal eg ha begge eller bare ein?

Dei vil eventuel henge ved sida av kvarandre med lik høgde. 
Og dei skal henge over kjøkkendisken, då den er stabil medan kjøkkenbordet kan flytte på seg!


Nyvaska og klart til bruk.

Sjå da fantastiske golvet!



Mannen jobbar på spreng for å få klart alt elektrisk og at vi får vatn i golv og tank.
Eg bare klør i fingrane etter å flytta inn. 
Lørdag skjer det, fordi eg må på jobb fredag. Men alt MÅ vere så og sei klart før tysdag...Det skal vi få til!

onsdag 22. februar 2012

Inspirasjon Walk-in closet


Langlo

I dag skulle vi på den "OH STORE IKEA DAGEN". Lista var lang og pengane sat laust, eg har gleda meg i eit år.
Men tullemor er sjuk, og sidan bestemor er i sydens land, måtte eg vere heime, mens mannen reiste aleine.

Han har handla alt som sto på lista, og vel så det. Flinkaste mannen e min!

Garderobe til walk-in closet stod på lista. Og her er litt av det eg har henta inspirasjon frå:


HTH


Ikea






Rommet mitt er ikkje i nærheten av desse størrelsane, det er ca 2,60 x 1,60, men eg håpar eg skal klare å utnytte plassen godt!

Gler meg faktisk til å skru saman snart.

Har du nokon gode garderobe tips å komme med? 

For min er ikkje heilt ferdig, og kan enda endrast på!!

mandag 20. februar 2012

Snik innflytting


Med dårleg vær og småsjuke ungar, måtte vi ta nokre grep og snikinnfltta litt!

(passa litt dårleg at hjulo på tilhengaren låste seg akuratt no, men sånt skjer...godt vi har mange tilhengarar (!) å låne)


Tv-sofaen vår er endeleg i bruk igjen. Den har vore lagra i kjellaren hos naboen! Tusen takk til naboen, for super hjelp med lagringsplass!!

Tv-sofaen er vi veldig glade i. Kjøpte den brukt hos eit vennepar som skulle skifte ut sofaen sin. Vi har brukt den mykje. Den tåler alt, og ungane får lov å ete i denne sofaen. Men da e bare i denne sofaen alltså...eg e litt nazi på da der.


Med tv-sofa må vi ha tv!

No er mannen oppe og innstallerer baderomsinnredninga. Dusjen er på plass:


Showrama 8-5.
Innredninga kjem frå Linn Bad. Gler meg te å visa dåke den!!

Eg må bare informere om at eg i dag fekk kjøpa 4 stk billettar til Golden Circle på Telenor Arena, 15 august 2012, til 
MADONNA KONSERT!!!

So long!!



lørdag 18. februar 2012

Oh Omaggio


Den vakraste vase, som eg er veldi glad i. 
Har planar om å kjøpe ein stor til å ha på golvet og. 
Eller kan eg ynskje meg ein slik i innflyttingsgåve, eller til bursdagen kanskje?

I dag har eg vore oppe i nyahuset og rydda. Har støvsugt alle romma, og vaska soveromma til ungane. Det nærmar seg veldi innflytting no. På måndag startar arbeidet på bada, med å innstallere do og dusj osv. 

Vi har forresten snikinnflytta litt...har sett inn tv og tv-sofaen, slik at ungane kan sitje der og sjå på tv/film, mens vi jobbar.


fredag 17. februar 2012

OMG


Heldige meg



På jobben i går, mens eg sprang mellom kontora, tok telefonen, skreiv på vedtak, styrte og organiserte, kom ein god kollega inn på kontoret mitt. Ho gav meg ein liten pakke, og då eg pakka den opp openbara det seg eit aldeles nydeleg smkke og eit par øyradobbar. 


Med dei vakraste ugler. Uhuuu


Eg er ydmyk og glad. Det varma langt inni sjelo.