onsdag 29. februar 2012

Kjøkken lykke!


Etter 2 års planlegging, grubling, frustrasjon og glede, er huset vårt snart klart!
Kjøkkenet er frå Kvik, Mano Høyglans. Eg er veldig fornøyd.
Mannen klaga litt på at det var litt vrient å montere, men han har gjort ein kjempejobb.


Mykje benkplass er eit must for ei som likar å bake, og ein mann som likar å lage mat.
Dobbel vaskekum, som eg har skrive om før. 
Stort kjøleskap utan frys nede... sånn at vi får plass til ALT.
Steikeovn med "sjølvrensande" program. Går det an å få det betre.



PH- lampane står klare til montering.
Spørsmålet mitt til dykk; skal eg ha begge eller bare ein?

Dei vil eventuel henge ved sida av kvarandre med lik høgde. 
Og dei skal henge over kjøkkendisken, då den er stabil medan kjøkkenbordet kan flytte på seg!


Nyvaska og klart til bruk.

Sjå da fantastiske golvet!



Mannen jobbar på spreng for å få klart alt elektrisk og at vi får vatn i golv og tank.
Eg bare klør i fingrane etter å flytta inn. 
Lørdag skjer det, fordi eg må på jobb fredag. Men alt MÅ vere så og sei klart før tysdag...Det skal vi få til!

5 kommentarer:

  1. Begge to vennen begge to....!!!!!!

    SvarSlett
  2. heilt klart begge to!! OH YES! :) knall flott solveig... kva løysing skal dåke ha ned mot ventilator vifta?? glede meg t å sjå i real life!

    SvarSlett
  3. Åå.. eg e bare såå missunnelig på deg... hihi :)

    SvarSlett
  4. Dette var imponerande, Solveig!!
    Inspirasjon for "meg" som skal slå ned vegg mellom stove og kjøkken neste år.
    Eg går for begge lampane over kjøkkenbenken. Lekkert

    SvarSlett
  5. Wow, dette blir lekkert! Må vere utruleg fantastisk stas å flytte inn i nytt hus, som de har venta så lenge på!

    SvarSlett