torsdag 27. oktober 2011

Kvardagsgleder


Detta e ekta Kvardagsgleder!

Skillingsbollar på ein kvardag.

Noko nytt i posen etter ein shoppingrunde.

Knall kollegar på ein super arbeidsplass.

Mann som tar seg av hus og barn når kånemor er på shopping.

Beste ungar som kjem springande i armane når eg kjem heim.

Åh kor godt eg har da!

søndag 23. oktober 2011

Pallen er ferdig!


Då var pallen ferdig. Mamma har strikka ( og ho har sagt at ho gjer det aldri igjen...) og eg har skaffa to dyner til å ha inni. Vi stappa dei inni eit grått putetrekk, slik at det skulle vere eit salgs trekk utpå dynene. Så tråkla vi den saman.


Eg jobbar litt med å forme den....håpar det kjem seg.


Knall å sitje på er den og. Eg er rett og slett strålande fornøyd. Kunne gjerne hatt ein til, men då må eg strikka sjølv...

Ha ein super søndag alle saman!

søndag 16. oktober 2011

Sunn frukostblanding


Eg har laga min egen frukostblanding i dag. Har ikkje funne på oppskrifta sjølv, men fann den i Vg eller Dagbladet då dei testa frukostblandingar. Tipset var å lage sin egen frukostblanding, då mange av dei som er i butikkane er fulle i sukker. 


Her er oppskrifta på "Ristet müsli":

1/2 dl rapsolje
1/2 dl brunt sukker
1 ss honning
3 dl havregryn
2 dl All Bran regular
1/2 dl sesamfrø
1/2 dl solsikkekjerne
1/2 dl hakka nøtter ( kan sløyfast)

1/2 dl rosiner

Bland alt det tørre, minus rosiner.

Ha olje, sukker og honning i ei steikepanne. Varm forsiktig på svak varme til sukkeret har smelta. hell det over det tørre, fordel utover ei langpanne. 

Bak det i ovnen på 140-150 grader i 30-40 minutter til det er lys brunt. Rør av og til. 

Avkjøl, og bland i rosiner. Oppbevar i tett beholder.

Smaker nammis!

torsdag 13. oktober 2011

Palletrapp


Europallar er jo verkeleg "inn i tiden". Vi har ei skikkeleg palletrapp opp til nyahuset.


Inngangspartiet.

Takpanner er på plass. Endeleg var det opplett nokre dagar, så snikkeren kunne setje inn takvindauga og. Eit på kjøkkenet og eit i trappeoppgangen.


Husbonden sjølv i døropninga.

Mykje er ferdig utvendig, og det er ganske greitt med tanke på at vi har nok mykje å gjere etter at vi har flytta inn og, som blandt anna maling... innvendig skal vi leige folk til å gjere jobben.


Blir nok bra til slutt, sjølv om det framleis er litt som gjenstår. Vakker haustdag i vakre omvikdalen.




Innvendig er isoleringa godt i gang.


Kjøkkenet med utsikt oppøve dalen. 
Her skal spisebordet stå.

Junior har haustferie. Mannen kom heim to dagar før han eigentleg skulle. 2,9 kg Quality Street. Tullemor som sjølv ynskjer å ha på "kjole" i måro. Hotelltur til Bergen med alle 3 goingane mine... 

detta blir ei bra helg!

God helg alle saman!

søndag 2. oktober 2011

Pause


Med bilde av den flotte globuse junior vann på Barnas Dag i Omvikedalen, vil eg informere om at Kvardagsgleder tar seg ein liten pause.

Det er mykje som skjer for tida, og eg vil no "skifte fokus" ein periode. I morgon byrjar eg i ny jobb, som vil krevje mykje av meg. I tillegg bygger vi som kjent hus, og mannen jobbar i nordsjøen. I det siste har han jobba litt overtid, som igjen fører til at eg er enda meir aleine med to små born og oppfylging av dei. Eg kjenner at eg brukar mykje tid på internett, og tenking på blogg og blogginnlegg. Det er svært givande og har gitt meg mykje, men no kjenner eg at det er rett med ein pause etter 3 år med blogging. 

Eg veit og at det har vore vanskeleg å kommentere på bloggen i det siste, og eg veit ikkje korleis eg skal rette på det.

Takk til lesarane mine, da e dåke som gjer det gøy å blogge og som gjer at eg kjem nok attende!!

lørdag 1. oktober 2011

Og vinnarane er...


Her blei da trekt med andakt og augo igjen. 

Trekkeboksen er ein "cake"-boks eg fekk av ein god kollega då eg fekk meg ny jobb!!


Silje med bloggen Silje Solbakken vann fyrste ugla.


og han trekte ho ein gang til. 

Eg har valgt å trekke den andre ugla til ei ny, medan Silje skal få litt anna "snacks" i pakken i tillegg!


Den andre ugla vann Snill Pike.

Send meg adressa dykkar på: solveig.hus@gmail.com

Ny dag, nye muligheter


Det er lørdag, helg, sola skin og vi skal på fotballcup!


På mandag startar eg i ny jobb, med nye utfordringar. Gler meg.