søndag 16. oktober 2011

Sunn frukostblanding


Eg har laga min egen frukostblanding i dag. Har ikkje funne på oppskrifta sjølv, men fann den i Vg eller Dagbladet då dei testa frukostblandingar. Tipset var å lage sin egen frukostblanding, då mange av dei som er i butikkane er fulle i sukker. 


Her er oppskrifta på "Ristet müsli":

1/2 dl rapsolje
1/2 dl brunt sukker
1 ss honning
3 dl havregryn
2 dl All Bran regular
1/2 dl sesamfrø
1/2 dl solsikkekjerne
1/2 dl hakka nøtter ( kan sløyfast)

1/2 dl rosiner

Bland alt det tørre, minus rosiner.

Ha olje, sukker og honning i ei steikepanne. Varm forsiktig på svak varme til sukkeret har smelta. hell det over det tørre, fordel utover ei langpanne. 

Bak det i ovnen på 140-150 grader i 30-40 minutter til det er lys brunt. Rør av og til. 

Avkjøl, og bland i rosiner. Oppbevar i tett beholder.

Smaker nammis!

5 kommentarer:

  1. Trur eg må prøva denne ja....Ha ei god veke Solveig! Skulle gjerne sett deg på sykafèen på onsdag...

    Marian

    SvarSlett
  2. mmm, såg godt ut! Så flink du er!

    Eg og min kjære skal starte på lavkarbo igjen denne veka, så om eg klarar å "ta meg på tak" skal eg lage knekkebrød.

    God veke til deg og dine!

    SvarSlett
  3. Mmmmm -dette kan nok væra noge for meg som ete ekstremt masse frokostblanding. Heilt sikkert av den dårlige sorten...

    Takk for oppskrift!

    SvarSlett
  4. Oioioioi.... Dette må eg prøve å få testa ein kveld! Ser veldig godt ut! :)

    SvarSlett