fredag 19. august 2011

Soverom med sol


Må jo visa "hotellputene" eg kjøpte i HM Home her for litt sidan. Dei er i dun, og knallgode å ligga å lesa på. Men eg slite faktisk litt med "dunlukta". Eg likar best dun, då dei er best å ligge på/forme i både seng og sofa, men så er det den lukta. Nokon som har tips mot den?


Eg måtte bare ta med bilde av garderoben og. Skyvedørene står i garasjen, og håpe dei kjeme opp snart. Men det er huseigar sin jobb :-D

Mannen har mala huset vårt i dag, Grå Skifer frå Jotun. Veldi bra, veldi bra!    

onsdag 17. august 2011

Klar for konsert




Eg er klar for å pakka sekken, og ta båten til Bergen og konsert med Rihanna! 

4 veninner, hotell, Bergen, konsert, sol og "miniferie"...kan vi ha det betre? Eg gler meg masse.

Wikipedia: Rihanna ble født 20. februar 1988 i Saint Michael på Barbados. Hun er datter av Monica Fenty fra Guyana og Ronald Fenty som har opprinnelse fra Irland. Rihanna er eldst av tre søsken, de yngre brødrene heter Rorrey og Rajad Fenty. Rihanna begynte å synge da hun var syv år gammel. Barndommen hennes ble veldig påvirket av farens store dopavhengighet og foreldrenes ustabile ekteskap,[trenger referanse] som tok slutt da hun var 14 år gammel. Da hun var 15 dannet hun en trio med to av sine venninner.
Plateprodusenten Evan Rogers var på ferie i Barbados og noen venner av Rihannas trio ville introdusere dem for hverandre. Rihanna gjorde et cover påEmotion av Destiny's Child. Kort tid etter å ha fylt 16 flyttet hun inn sammen med Rogers og hans kone, fra Barbados til USA.[4] Sammen spilte de inn en demo som de sendte rundt til flere plateselskaper. Demoen inneholdt fire sanger. Kort tid senere kom et svar fra Def Jam med Jay-Z i spissen, som sa at de ville jobbe med Rihanna.[5

søndag 14. august 2011

Litt PIP og ny bok


Bente på Bokhandlaren har 1/2 pris på alt frå Pip Studio. Eg handla litt tidlegare i sommar, midt i den versta flyttingo...som om eg ikkje hadde nok å flytta på!?!


Denne bladkassetten hadde god plass til blad, eller kva vi vil ha oppi. På bildet har eg den nya boko mi, men i verkelegheita har eg brosjyrar og diverse inspirasjon til nya huset!


Fann plutselig ein tilgodelapp i bilen, som var att etter bryllaupet i 2009.


Eg kjøpte boka "Made by me" sybloggernes beste oppskrifter.


Når haustmørket kjem over meg, og sykafèen i gang att, så skal eg nok svinga symaskina att og. 

Nett no har eg meir enn nok med å få alt på plass her, finna da vi trenge til ei kvar tid, og få puslespelet til å bli klart for dagane frametter. O hei kor det går.

Har du problem med å kommentera under her? Har høyrt rykte om da, og er veldi få som legg igjen ein kommentar hos meg. Men eg ser at da e mange innom. Hadde vore kjekt å veta kem og. 

lørdag 13. august 2011

Siste nytt


er at mannen har byrja snikre på garasjen. 3 veggar er klare. I måro treng han litt hjelp med å setje dei opp, og mine musklar var visst ikkje nok...


Alle vindauger er på plass. Dette er på kjøkkenet, ved spisebordet. 3 meter høgt! Lykke.

fredag 12. august 2011

Knivblokk


Sidan vi har bestemt oss for ikkje å skru ei einaste skrua i veggen, kunne vi heller ikkje skru opp magnetlista for knivane våre. Og sidan eg er godt opplært av kokke-kusine, veit eg at eg ikkje skal la dei ligge i skuffa.


Eg måtte difor innom favoritt-tilbods-damo på Husnes i dag og benytta meg av tilbudet på Eva Solo Knivblokk.




Eg har egentleg fått meir sansen for dette merket no, etter fleire skuffelsar på Rosendahl skåler og glas. Synd for meg at eg gav vekk karaffelen min då... men ho blei gla ho som fekk den iallefall.

I kveld har vi ete thaimat igjen. No er eg stapp mett og ganske trøytt!

God natt!

torsdag 11. august 2011

Kokosbolle


Dette er vel noko av det beste eg kan få. Og det veit han eg er gift med. Han kjøper den på 7/11 når han kjem frå jobb, og fraktar dei forsiktig med seg heim. 


Etter at den er fortært, er eg på grensa til kvalm. mmmmm eg gler meg til desember når det er tid for å lage kokosbollar!

Eg har teke fram rockeringen igjen. Etter ein slapp sommar, kjenner eg at det er på tide. Eg har teke joggeskono fatt igjen og, og har bestemt meg for at i vinter blir da tarzanfabrikken på meg. Eg kan ikkje gå og venta på at snø og is skal forsvinna, slik at eg kan gå på tur igjen.

Vektklubb har tjent nokre ekstra kroner på meg...igjen...men eg havne tilbake på syttitre, uansett korleis eg snur og vender på kokosbollane. Så då får vi bare prøva å halde det ved like!

No skinne kveldsolo på bygdo. Eg hadde sjølvsagt planlagt ein lang dag på jobb i dag, så sola vart nytta i lunsjen og i bursdagsfest på Lyngstrando. Takk for deilige kaker til sauabonden på Ramsgrø.

Ha ein fin kveld alle lesarar!

søndag 7. august 2011

Sinkhus og lyng


Sinkhus og lyng er vel litt haustlegt eigentleg. Men sånn ser det ut ute og. 

Vi var på familietur i dag, grilla pølser på bål og "gallkosa" oss. Det bøtta ner, omtrent heila tio. og då vi kom heim var det rett på sofaen med pledd og film. Det er jo sånt vi gjer om hausten det! Nei, eg skal ikkje svartmala da heilt, men eg er glad eg hadde den ferien eg hadde i år. Håpar bare eg får bruka dei nye flipp floppane mine litt meir enn bare inne, resten av august!

Ha ei fantastisk veka alle saman. Trur eg må planlegga ein give away snart....eller?