onsdag 27. januar 2010

Før og no

Eg fekk da plutseli for meg at eg sku ha kvite gardiner. Og då eg var så lur å nemne det for Evelyn, kunne ho fortelje at ho hadde nokon liggande eg kunne få/låne. Og då må dei jo prøvast!!
Kva ser best ut? Brune eller kvite?
Eg trur eg går for dei kvite.
Og sidan vi lure litt for tida, så kjem eg ikkje til å kjøpa nye gardinstenger, sjølv om da hadde vore aktuelt no!

Åh, kjente eg fekk masse energi no. Ny stova jo!

tirsdag 26. januar 2010

Tips når telefonselgaren ringer!

Fekk denne e-posten på jobb idag. Synst den va litt morsom!

HVORDAN HA DET GØY MED EN TELEFONSELGER !!

- Irritert på plagsomme telefonselger? Uheldigvis er du ikke alene, derfor er denne listen laget. En annen måte å si Nei til telefon salg.
-Trykk på tastene. Legg skylden på selgeren, og be han om å slutte med det
-Prut, prut og atter prut
-Le hysterisk til du hører opptattsignal
-Forandre dialekten din hvert 10. sekund
-Pust tungt og spør hva selgeren har på seg
-Spør om det er mulig å LEIE produktet
-Si at telefonen din ikke skal bruker til søppel
-Be selgeren nevne hundre gode ting om produktet
-Spør om selgeren vil komme på besøk til deg
-Be selgeren på date, samme hvilke kjønn
-Host hver gang selgeren begynner å snakke, og si at du ikke hører noe
-Beklag deg over at foten, si at den ikke er helt er bra, og spør selgeren om han/hun vet om en flink lege
-Spør selgeren om produktet er det billigste på markedet. Og si at du tror du vet om noen mye billigere
-Si at du ikke liker telefoner på natten, og si at selgeren må slutte å ringe så sent
-Spør hva selgeren heter til fornavn etter navn og spør om telefon-nummer, person-nummer, adresse osv
-Si at du Ikke jobber i Politiet med det vil alikevel ikke si at de kan ringe deg
-Spør om det er enkelt å rane selskapet og spør om adressen
-Forklar at du er halvt døv og skrik inn i telefonen
-Si at du har vondt i øynene å spør om selgeren kan ta kontakt en annen gang
-Spør selgeren om produkter er politisk uavhenging
-Har du små barn i familien, gi telefonen til dem
-Sett selgeren på venting og gå og se TV
-Slå telefonen i bordet et par ganger og si at du ikke hører noe
-Fortell selgeren at du også er telefonselger. Du vil derfor ikke blande privatlivet og foretningslivet ditt
-Fortell om dine personlige problemer. Understrek hvor godt det gjør å ENDELIG snakke med noen om det
-Si til selgeren at du er litt opptatt og at du kan ringe han opp igjen om noen timer, hvis du kan få hjemme nr hans. Hvis han sier nei, kan du si ååå.. nei, så du liker ikke at fremmede folk ringer hjem til deg, du heller?

mandag 25. januar 2010

Gode idear...

..e vel bra at nåken kopierer?? Denne ideen har eg iallefall kopiert av ei veninne, med denne flotte bloggen . Håpe at det er greitt, Anne Tone?! Synst da va veldi lurt å bruke gamle eple-kassar til å ha ulike blad i.
Her er nokre bilder av den staden i stova familien tilbringe mykje tid. Den er rett mot tv-en vår, og eg synst eg gjorde eit kupp då eg kjøpte den brukt av Pøne. Ho var lei den og ville ha den ut, eg var på jakt etter sånn, og veldi gla.
Putetrekka kjøpte eg på salg hos Stemning i Rosendal. Saueskinnet kjøpte eg på Europris.
Gler meg te å ta meg ein tur på besøk i kveld, drikka te og sjå "Honningfellen". Og sjølvsagt skravla mykje!

søndag 24. januar 2010

Skitur

Sidan kameraet mitt var tomt for straum, tok tur-kameraten min bilder for oss begge! Desse fekk eg på mail før helga!
På vetle-nyttårsafta tok eg og søskenebarnet mitt, Mette, oss ein skitur til Myrdalsvatnet! Da va knallfint, og eg gjekk bare og sa "fantastisk" heile tida!! Da va minus 19,5 der inne. Kaldt ja.
Sjekk frosten på buff og jakke...Da seie vel sitt. Vi stoppa ikkje lenge, men tok oss tid til nybaka bollar og bildetaking!

Tusen takk for turen,kjære Mette!

onsdag 20. januar 2010

Tulipanar

Eg er veldi glad i våren. Trur det er den årstida eg likar best, og som eg har det best med meg sjølv i. Då blir da lysare for kvar dag, snø og frost blir erstatta med plussgrader og varme i sola. Eg kan byrje å gå tur i skogen og fjellet igjen, og eg kan gå etter at ungane har lagt seg, utan å bruke lykt!

Da å sjå at da blir grønare rundt seg, og blomar på bakken kjem fram( fyrst snøklokker, så krokus og påskeliljer osv. ) Og at vi kan ha primula og tulipanar inne!!
Heilt fram til og med i fjor, produserte pappen min tulipanar i gartneriet. Eg kunne frotse i tulipanar, frå før jul, og fram til påske. Ny bukett klar, når den gamle var visna....Og da va eg veldi takknemlig for, for da e ein av dei finaste blomane eg veit.

Men kva skjer?

Pappen min slutta å produsere, og eg må kjøpe tulipanane som alle andre....Nedtur...men då veit eg kanskje å ta betre vare på dei for kvar gong, for før lot eg dei stå i stova heile tida, men no skal eg jammen meg setje dei kaldt kvar natt, så varer dei lenger! For eg har jo betalte dei sjølv...

Men eg e veldi takknemlig for at pappen min er gartnar likavel, for snart kjeme våren og sommaren, og då kjeme alle sommarplantene, som eg e nesten lika gla i....

lørdag 16. januar 2010

Knekkebrød!

I dag tenkte eg skulle dela oppskrifta på knekkebrøda som eg bakar. Her er mykje kli og frø. Dei er sunne, gode, og set godt i gang fordøyelsen!

Bland:
2 dl sammalt rug grov
2 dl lettkokt havregryn
2 dl havrekli
2 dl sesamfrø
2 dl solsikkekjerne
1 dl linfrø
1 dl kruskakli
2 ts salt
7 dl vatn

La dette svelle ca 10 min. Fordel massen på 2-3 steikebrett. ( eg bruker 2). Del så inn passe store ruter med f.eks ei pizzarulle, før du steiker.
Steik så bretta (gjerne samtidi) på varmluft på 180 grader i ca 45 min. Opn opp ovnen ca kvart 15. min for å sleppe ut fuktighet. Etter at dei er ferdi steikt er det lurt å la dei "tørke" 15-20 min på ca 100 grader.
Ta dei så ut av ovnen, og knekk dei opp i rutene som du delte før steiking.

Lykke te!

torsdag 14. januar 2010

Salg salg salg

Eg e dronningo av salg iallefall i detta huset..og arvelig belasta, sjølv om mamma e ferdi me salg, som ho seier! og har sjølvsagt brukt litt pengar idag! For idag starta salget i Rosendal. Alltid litt etter alle andre stadar, men so....

Denna kassen med litt stasj, fann eg på Stemning, der alt va minus 30 %.

Og der raska eg med meg to eggaglas frå Bruka. Har 4 frå før, så no har eg 6. Eit must!!
Og Dundelina-kjole på Årmann til minus 50 %. Den e str 98, men eg trur ikkje da e lenge te prinsesso kan bruka den! At eg har ei jenta som ikkje skal ha på kjole for tida, men heller Kaptein Sabeltann gensar....ja, da gløymer ho mor ei lita stund! Og bestemor ho som e slutta å gå på salg spanderte denna på go`jenta! Sidan eg hadde så lyst på!

Eg kjøpte og 2 par sko te prinsen, og eit par Ecco vintersko te prinsesso, for tilsaman 800 kr.