tirsdag 7. oktober 2014

Oliventre innandørs

Oliventreet mitt har flytta innandørs.


Ute bles det mykje desse dagane, 
og oliventreet mitt bare veltar heile tida.
Det er fordi det er høgt,
og lett mottakeleg for vinden.


Eg la ut bilde på Instagram før i dag,
og fekk fleire spørsmål om 
"korleis få eit oliventre til å overleve inne?"

Og det er ikkje noko enkelt svar på det.
Kan alltids sei at ein må passe på med vatn,
dusje det med vatn innimellom etc,
men enkelt er det ikkje.

Eg fekk det ikkje til.


I vinter prøvte eg alle dei lure triksa,
men treet vart brunt og grått,
mista alle blada,
og såg heilt dødt ut.

Så eg var på vei til å kasta det.
Eg sette det ute, fordi det er ikkje bare bare å kasta 
eit stort tre....

Der stod det, i vind og regn.



Så kom våren, med sol og varme.
Treet stod der framleis.

Plutselig såg eg små klumpar på greinen.

I all verden

det var rett og slett nye skudd.

Så jammen meg, der kom det med flotte friske,
nye og grøne blad.


Så i sommar har det stått ute og pynta opp.

Eg gjer ikkje opp, eg skal prøve å ha det inne
ein vinter til.

Håpar eg får det betre til i år!

Men dersom vi får ein mildt vinter,
tåler dei å stå ute.

2 kommentarer:

  1. Så stort og fint oliventre du har.
    Jeg har to små som skal få flytte inn etterhvert,
    de blåser ikke overende så de kan vente.
    Oliventre tåler jo å være ute ned til -15 grader.
    Tror det kan være lurt å la det stå langt unna vedovnen
    når den taes i bruk.

    Fine høstdager til deg!
    - AC

    SvarSlett
  2. Så flott hjem dere har :) La merke til gulvet, er det lov å spørre hva farge henter og leverandør?

    mvh Rita

    SvarSlett