Familien min er min favoritt,
og tida saman er uvurderlig.
Joda, eg kan blir frustrert over krangling,
tette øyrer, skitne fingrar overalt,
syting og klaging,
men alt i alt, så er vi best!!
Tullemor og eg.
Fyrste søndagen på lenge,
saman alle 4 på tur.
Tullemor vil som regel ha med eigen sekk,
oppi den puttar ho det mest utrulege,
og klagar aldri på at ho må bere den sjølv.
I dag var hamsteret med,
og det prata og maste nedi sekken.
Veldi glad når det fekk springe avgårde når vi kom heim.
(batteridreve leiketøy alltså!!)
Vi bur så godt som i skogen, og har laga oss ei lita "tarzanhule"
med slengdisser like borti her.
Obligatorisk stopp på turen.
Ganske fin når ho er i godlag denne jenta her.
Flott kar, han her og!
Ikkje lett å vere kamuflert under gøym-og-leita
i dette antrekket....
vart funnen fyrst....
Flott skog og turområde,
like utanfor døra vår.
Hausten er på hell,
og vinteren kjem vel snart.
Vi er allerede i november,
og vi førebur oss til jul og førjulstida.
Så herlig med tid til gjengen sin ♡
SvarSlettOg supert med en tur i skogen!
Ha en fin dag! Snart helg igjen nå:)