lørdag 20. september 2014

New York City

Ein draum gjekk i oppfyllelse


Eg har vore i New York City


Det heile byrja for ca eitt år sidan.
Eg sat og beklaga meg,
for at det ikkje var nokon som ville vere
med meg til draumebyen:
NEW YORK

Søskenbarnet mitt Heidi, sa så lett:
"eg kan vere med deg, eg"

Dette var starten på planlegginga,
og i september 2014 skulle turen over dammen byrje.


Vakker


Mektig


Turen vart ikkje berre for oss to.
"alle" fekk tilbudet om å vere med,
og her har du gjengen som valgte å bli med på dette eventyret.
Meg, Heidi, Marita, Monica, Tone, Elin, Christel og Tanja.

Ein fantastisk gjeng å reise på tur med.



Med førehandskjøpte "special" billettar,
suste vi forbi køane,
til toppen av Empire State Building fyrste dagen.

Heilt supert å starte turen her.
Då fekk vi overblikket over denne fantastiske byen.

Høyres det ut som eg er forelska? 

Det er eg!


Saman med den flotta romveninno mi, og resten av gjengen,
vart dagane fylt med opplevingar,
shopping, latter, mat, drikke, gode historiar.



Vi budde i Canal Street, Downtown, nær Chinatown og Little Italy,
på Sheraton Tribeca Hotell.

Med Starbucks kaffebar i lobbyen, 
og bagels-bar i nabosjappa,
fekk vi ein god start på dagen.

Amerikanarane er så høflege,
lette å forstå (språkmessig)
og eg var veldi komfortabel med å nyte byen deiras.

I neste innlegg skal eg vise litt av alt vi
fekk ut av dagane.


1 kommentar:

  1. Heldigen du ♥ Drømmer selv om NY, og ikkje mindre nå ;) Så kjekt at så mange ville bli med da :)
    Høgt på reisemål lista mi ligger København, så der reiser heile fam i november ♥
    Ha en flott dag :)
    Klem Charlotte

    SvarSlett