April, mai og juni har gått så fort i år. Trur det har med jobben eg har hatt siste året,
der desse månadane er høgsesong i hagesenteret.
Medan eg låg på ei solseng på Rhodos, såg på interiørbilder på Instagram,
så byrja interiørinspirasjonen å boble i meg.
Ein kveld i sist veke, tok eg å samla alle lausøyre i stova på spisebordet,
og byrja setje ut og stæsje litt på nytt.
Hylla Expedit frå Ikea føl meg rundt i stova.
Synst den passar godt inn hos meg, og eg får plass til mange av dei fine tinga mine i den.
Nydelege Mugtail.
Kâhler vasane
( den store er det til mi store sorg, ei sprikke i.....)
Fasettvasane frå Bolia
Eska frå Søstrene Grene med Ferm-living inspirerte ruter på.
Eg var på Bohus på måndag og då vart denne flotte lysestaken med heim.
Joda, eg ynskjer meg framleis ein Kubus lysestake,
men i mellomtida sklei denne perfekt inn i interiøret mitt!
DIY - bilde.
Eit dobbelt kort frå Søstrene Grene vart bretta ut,
og plassert i ei ramme.
Utruleg lettvint og kreativ kunst!
Det er ikkje rom for så store ommøbleringar i stova mi,
men eg er veldig nøgd med sånn den er no.
No ventar eg i spaning på om Bohus kjem med det eg kjøpte der på måndag...
Vent å sjå!
Fin fin fredag til alle flotte lesarar der ute.
Smart kommet på med det bildet. Mitt siste påfunn er scrappeark som bilde i ramma!
SvarSlettKnallfint, diggar den nye lysestaken din :-).
SvarSlettSee you :-)
Så kjempefint du har det,nydelig ❤kjekkt p skifte litt om på det ein har!
SvarSlettGod helg til deg!
Klem fra Lillian
Fine stua!
SvarSlettKlems Diana
HERLIG STÅVA DU HAR SOLVEIG
SvarSlettFINE VEKA TIL DEG
KLEM ELI:)