lørdag 20. april 2013

Draumen min er....


Å leve litt som Carrie Bradshaw...

Tenk då, 
å ha den garderoben,
kunna gå med 10 cm høge hælar,
heile tida....


Når det toppar seg i heimen med rot,
skitne støvlar,
våte regnkle,
Lego,
sokkar,
bøker og blad,
sand,
smular,
glas og skåler




PÅ PLASSAR DEI IKKJE HØYRER HEIME




Ja, då er draumen ein eigen leilighet eg kunne ha 
rømt til ein dag og to i veka,
bare vore meg,
ingen som rota eller skitna til,
der alt var på stell.


Medan eg trenar ser eg på "Sex in the city",
to episodar i slengen.
Eg drøymer meg vekk til designkle og høge hælar....
No har eg sett alle, begge filmane og....

Har kjent på gledene og sorgene til Carrie,
fulgt ho gjennom mange kjærleiksforhold, 
hennar store kjærleik Big, 
bli forlatt ved alteret,
kjærleikssorga,
finne tilbake til han,
og faktisk få han! 
Åhhhh

Men og frustrasjonen og "tomheten" ved å bare vere "dei to".
To vaksne, utan born,
i ei perfekt leilighet,
med designkle og høge hælar....

Kva no?

Ei eiga leilighet å "rømme til" når det vert "for tøft" i forholdet mellom dei to...

Vil eg bytta?

Nei, eg vil jo ikkje da. 

Eg har ein mann som elskar meg,
to små som ikkje kjenner ei betre mamma,
eit fint hus med praktiske løysingar,
eg har støvsugar og vaskemaskin.
Eg får jo vondt i beino når eg går i 4 cm høge hælar,
og trives jo best i joggebuksa og strikkasokkar.
Av og til er huset reint og ryddig, og eg får ein time åleine...

Då saknar eg jo fort det daglege,
dei som er rundt meg.
Eg tåler jo litt rot og sånt,

men draumen er der.

For er ikkje graset alltid grønare på andre sida?

Carpe Diem.







5 kommentarer:

  1. Du tullar !!!!!!
    Akkurat dette sat eg å tenkte då eg såg "Sex & The City 2" her om dagen :)))))
    Sliten og slakk i kroppen etter husvask og klesvask, rydding og kjekling, drøymte eg meg til Abu Dhabi med mine gode veninner. Fest og glamour dagen lang, eigen butler og bil med sjåfør og ikkje minst DEN garderoben...
    Men då eg kom til meg sjølv igjen, var eg igrunn der eg høyrer heime; I armkroken til kjærasten <3
    Kva skulle me gjort utan draumane ?
    Klem / Janne

    SvarSlett
  2. Nei Solveig , graset er IKKJE grønare på andre sida . Det gjeld å nyta den timen du har åleine , og jobba for at kvar dag skal bli ein bra dag. Sitta i ein fænsi leilighet åleina ?? Nei takka meg til skitne golv og sure fotballsko i gangen ;) når ein då får små armar rundt halsen , ein våt suss på kinnet, "høg 5" på fotballcup , eller nåken som ropar "titt titt" når du kjem inn for å henta nåken som er aaaaalt for tidlig våken ein lørdag- ja då kan dei ha designerlivet sitt for meg :)
    Og dessuten EG VISST IKKJE AT DA BLIR DEI TO TILSLUTT !!!!!!!!!!! Måtte jo ikkje skriva da her :-D
    Reidunn

    SvarSlett
  3. He he he det er nok mange som kan ønske seg slike dager innimellom :)
    Men så vil vi allikevel ikke bytte fra det gode livet vi har!

    Ønsker deg en herlig uke, med noen timer i reint hus :) God klem

    SvarSlett
  4. Haha! du altså!
    Det e godt å drøyma litt.. men eg trur helst at du har da grønnast der du e ;)
    Men eg sku veldig gjerna drukke litt meir champagne.. og hatt litt større garderobe...
    Høge helar e ikkje for meg heller... i alle fall ikkje for meir enn ein kveld..
    Men best av alt.. eg kan legga meg i armkroken til kjærasten kvar kveld.. og holda hardt rundt vesla mi mens ho småkniser inn i øyra mitt..
    Livet e i grunn ganske bra!

    Håpa du får ei strålande veka!
    Snart e mai her.. med flusst av fridagar, sol og is på pinne!

    klem

    SvarSlett
  5. Morsom :-) det er lov å drømme - men som oftest er ting best som de er :-) moro i innlegg :-)

    SvarSlett