torsdag 28. februar 2013

Putegalskap


Putomania, putomani, putegalskap,
ja ikkje eit eg heilt kva det er,
men eg er hekta på puter.


Sofaen vert til stadighet fylt opp av.....ja, nettopp puter.

Siste tilkomsten til sofaen, er puta i hjørnet.
Den har eg sydd sjølv.
Rålekker farge.
Har sydd ei for salg og,
og den er solgt! 


Kor mange ganger i løpet av ei veka trur du putene skiftar plass?

Mange!

Som du ser på bilda, så finn eg liksom ikkje "heilt ut" korleis dei ser best ut...


Sånn ja, det vart bra.


Så var det den andre sofaen.

Kor skal eg sitja?
Ja, det spør ungane om av og til.


Puta til høgre fekk vi i innflyttingsgåve, og er frå Louise Roe.
Puta til venstre er frå ByNord og kjøpt på Ølen Møbler på påskeafta i fjor.
Dei stripete er kjøpt på HM Home,
og ekornet på Kremmerhuset.


Likar dyreprinta innimellom.


Åhhh, finaste ByNord puta eg kjøpte i Danmark i sommar.


Kanskje den råsa kan stå der?!


Sidan eg er så glad i puter, har eg og starta å sy puter til andre.
Desse 4 motiva er nokon av dei eg har sydd.
Har du lyst på ei, er det bare å sende meg ein epost!
Eg tar 400 kr for dei, inkl fyllputa frå KID i str 60 x 60 cm.


Og så måtte eg jo ha ei ugla og!
Uglemani og, jada....





Sorry, da blei ikkje plass til dåke....
Så de får ligga på golvet.

Det verste av alt, er at eg trur ikkje siste ordet er sagt i denne saka.....

Har du meldt deg på Give Away`en min??
Sjå øverst på høgre sida!



3 kommentarer:

  1. He, he.....har ikke så god plass til å sitte vi heller... :) putedilla ja det har jeg!
    Så mange flotte du har!

    Klem

    SvarSlett
  2. Har du ein øyenstikjar puta t meg?

    SvarSlett
  3. Så masse fine puter, den med bil va jo knalltøff...
    Eg gler meg til og få puto mi imåro...wihiii..
    Klems meg:-)

    SvarSlett