onsdag 31. oktober 2012

Livet endrar seg stadig

Bilde er lånt frå Hviit.no 

Livet er heile tida i endring.
Vi blir fortalt at vi skal nyte kvar ein dag,
for vi veit aldri kva dag som blir den siste.
Så sant som det er sagt.



For 4 månadar sidan tok eg eit valg.
Eg valgte å ta ein pause, og den pausen startar no.
Frå laurdag har eg eitt års permisjon frå min daglege jobb i
barneverntenesta.
Eg gler meg til nye utfordringar og ein annleis kvardag.
Damene på jobben klarar seg godt,
dei er eit flott team.


Eg skal ikkje gå i hi som bjørnen her, 
men heller hoppa rundt som haren over!

Og ja, eg ynskjer meg veldig koppane frå Mugtail.
hint hint...det er snart jul!!!

For ei god stund sidan søkte eg om medlemskap i 
NIB
Norske interiørbloggar

Etter at dei no har gjort ein kjempejobb med å skifte side,
er dei snart klare.
Og eg KVARDAGSGLEDER er stolt medlem.


Gler meg til å vere ein del av gjengen,
og til å delta på utfordringane.
Solveig og Ann Helen er to flotte og flinke damer, som 
er svært inspirerande for oss andre.

No skal eg inn til Fredheim Blomster og planlegge litt til 
Damenes Aften på fredag.

I morgon er det trekning på Give Away, bli med du og!!
Sjå link øverst på sida ;-)

7 kommentarer:

  1. Juhuu! Du e velkommen i klubben :)
    Utfordringane kan ein jo delta i uansett??

    Det blir godt å gjera noko anna i ein periode :)
    Pittelitt missunnelig på akkuratt det!! Hihi

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk takk!! Joda, kan vere med likevel, men no e da liksom på skikkelig!!

      Slett
  2. veldig glad på dine vegne Solveig! :) detta blir kjekt. me skal kosåss me :)
    Glad i deg!!! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Diana!! Eg i deg og!!

      Slett
  3. Doldol, detta blir bra:-).

    Snakkes plutselig:-)

    PS! Har du sett innlegget mitt om uglo?? Tenkte på deg då:-)

    SvarSlett