mandag 16. juli 2012

Halv-vegs


To veker ferie er over.
To veker ferie igjen.
Fantastisk deilig.

Eg har eit prinsipp om ikkje å ha på meg langbukse i ferien.
Det er litt vanskeleg når det er 12 grader ute, men eg helde ut!!


Pusur og Tiger flytta inn hos oss i går. 
Familie på 4 vart brått familie på 6.
Det ser ut som dei har funne seg tilrette, og søv godt!!


Været er ikkje noko å skryte av, men sidan det var regnboge i går må det har vore eit innslag av sol.

Eg har bestemt meg for at vi skal ha gode dagar, sjølv om været ikkje er med oss. I dag har eg difor hatt meg ein lang dusj med innlagt peeling, shaving og hårkur.
Eg har redd opp alle sengene.
Sett på ei maskin til med klær, for korgene vert ikkje tomme uansett kor mykje eg ynskjer det.
Eg har teke på meg ein knallrosa topp, og kortbuksa sjølvsagt.
Eg kosar meg med kaffi og god lunk i stova.

No nyter vi dei siste dagane før mannen byrjar på jobbperiode.


For som vi alle veit: over skyene er himmelen alltid blå!

1 kommentar:

  1. Haha...lika at kattane får kosa seg i By Nord putene:)Anne

    SvarSlett