lørdag 28. januar 2012

Eit steg nærmare; kjøkken


Her kjeme siste nytt frå eit snart klart kjøkken. Ventilatoren og koketoppen ( 80 cm induksjon) er på plass. Og til slutt kom den midt mellom vindaugene og. Flinke mannen min.


Øveskapo er på plass. På høgre sida her, skal vi ha høgskap med uttrekk.

Kjøkkenet er Kvik, Mano Høyglans.


Snikkeren i djup konsentrasjon.


"Betong" benkeplata mi. 


Dobbel vask. Her skal ingenting vere oppå disken. 

Fordelen med å ha flytta fleire plassar, er at då har eg fått prøvt ut fleire typar kjøkken. I forhold til vaskar, så ser eg på dei med ein sånn liten vask ved sida av den store, som HEILT ubrukelege. Ka ska eg bruka den til liksom???

Målet er innflytting ca 1. mars.

At vi måtte returnere parketten, og få ny...håpar vi ikkje forsinkar prosessen. Golvet var kjempefint, men ujamn tjukkelse etc, gjorde til at vi klaga. Godt å få gjort det no, og ikkje gå og irritere oss over det i ettertid.

Det er laurdag, pizza og godis.

7 kommentarer:

  1. kjempe kjekt å få komma å sjå hos deg i dag. kjempe flott hus :) glede meg t da blir ferdig og tingo komme inn :) glede meg t å inspisera og la meg inspirera :)
    -Diana-

    SvarSlett
  2. Ja, eg kan snart ikkje venta sjølv :-)

    Kjekt dåke kom innom idag :-)

    SvarSlett
  3. Å, så fint dåke får da. Eit herleg kjøkken, med den lekre komfyren og ventilatoren. Blir kjempeflott.

    SvarSlett
  4. Så stilig det blir. Eg og vil ha sånn benkeplate!!! Må få komme på omvisning en dag eg og når det blir ferdig:-)

    SvarSlett
  5. åh Solveig! Her gleda eg meg til å sitta å drikka te og snakka skjit med deg <3

    SvarSlett
  6. he, he, ja her ska vi drikka te...kem du no e <3

    Alle skal få komma og sjå, når da e ferdig. Bare veien og blir ferdig ein gong, så da går an å komma opp utan terrengbil...

    SvarSlett
  7. Hvor er betong benkeplata di kjøpt? Den var råkul!

    SvarSlett