søndag 13. mars 2011

Make over



Innimellom ein travel "aleinemor" tilværelse, prøver eg å få unna litt småprosjekt eg har på gang. Målet mitt er at alt eg har planar om å male ( og det er ikkje lite...) skal malast FØR vi flyttar i nytt hus. For eg har ein liten anelse om at det er nok å gjere når vi endeleg er i hus.

I dag, mens tullemor teikna med nye fagar ho fekk til bursdagen, og junior var inne i Pokemon verden, trekte eg om puta i denne benken min.

                                                  
                                                                Den såg slik ut før.



Dette trur eg er det mest praktiske møbelet eg har. Ungane har kvar si korg under, med hue, skjerf, vottar og anna som er i bruk dagleg. Her vert det bare lagt opp, og ungan efinn fram sjølv når dei treng noko. I tillegg kan eg sitja her og kle på dei, eller rett og slett legga frå meg ting....



Ikkje alltid så lurt å ta bilde av ein spegel, då de kan sjå rotet bak. Eg ler litt for meg sjølv!! Men eg ville vise at den høyrer til ein spegel.

Kjøpt på Stemning i Rosendal, for gåverkort eg fekk til 30 års dagen min! ( Var det i fjor mon tru?)

No skal støvsugaren fram. Ei fin helg er over. I dag morges var det mellom 5-10 cm snø her hos oss. No regnar det. Eg håpar bare det ikkje frys på i natt, for då vert det mykje is her!!!




1 kommentar:

  1. Stemning:-))stort smil bare av å lese navnet på den butikken!
    Masse masse snø her gjennom tunelen og
    klem klem:-)

    SvarSlett