onsdag 12. januar 2011

Deilige fridag

 Kvar onsdag har eg fri frå jobben min. Dagen byrjar alltid med å stå opp med ungane. Så går vi i lag til skule og barnehage. Takk og pris for at vi har flytta. No har vi gangavstand til ungane sine dagaktivitetar.

Etterpå går eg tur. Så er det husarbeid og anna som føl med. Av og til tar eg turen til frisøren, som i dag. Kl 9 var eg på plass, for klypping! Etterpå bevilga eg meg eit nytt blad. Eg hadde tenkt å kjøpe KK, men dei hadde rett og slett ikkje fått den nye utgåva. Hmmm
Etter at jula er ute, er det ofte litt fargelaust i huset. Lysten til å kjøpe noko nytt SPRENGER PÅ! Saken er at vi jo skal bygge nytt hus, og eg vil vente med nye ting til det. kjekt var det då at eg fekk ei ny krukke til jul. Fylte den med konglene eg samla i hagen. Så kom litt av den rosa pynten fram. Rosemønsteret ventar eg litt til med, før eg tar fram.
 Og eg har blitt svært flink til å bruke det eg har, ved å flytte litt på det, så blir det jo nett som nytt!

Junior kjem heim frå skulen kl 12,15 om onsdagen. Då er det leksegjering, før anna aktivitet.

Onsdagane har eg ein plan om å laga middag som tar litt meir tid, enn i den travle kvardagen. Pannekaker er ein favoritt, og det står på menyen i dag. Junior har hatt eit ynskje om dessert i det siste. Vi har no ein avtale om å ha dessert om onsdagar og søndagar. I går laga vi grønn gele, som vi skal ha etter pannekakene i dag. Vi har nytta bamseform, og han har vore ute og sjekka 3 gonger at den er der (!) og at den er stiv. ( Vi nyttar uteboden som kjøleskåp no når det er kaldt ute!)
Eg får ofte kommentarar frå kjente på "gato" om at dei les bloggen min. Det set eg veldig pris på! Og takk til alle dei 28 følgarane mine. Det er alle dåke som inspirerer meg til å blogga. Eit ynskje er at de legg att ein kommentar innimellom... men eg ser på teljaren at de har vore innom. Av og til stoppar det opp med kva eg skal blogge om, så tips tar eg imot med takk!

Kommentarar: klikk på "kommentar". Skriv det du ynskjer. Velg profil "anonym" dersom du ikkje har eigen profil. Skriv det "rare ordet" som kjem opp som kontroll. Og klikk igjen på feltet for å legge kommentaren til! Detta klare dåke ;-)

Ha ein strålande onsdag alle saman!

5 kommentarer:

  1. Flott blogg du har Solveig, den er både til inspirasjon og glede:) Kjekt med oppskriftene som du legg ut.

    SvarSlett
  2. Så flott hylla vart! Er ikkje alltid nødvendig med dei store grepa for å få ei endring! :)

    Godt at dåke e blitt friske igjen!

    (Eg har kome meg i gang med rockeringen igjen...)

    Klem.

    SvarSlett
  3. Du er så flink og driftig Solveig! God klem frå Hilde D:) Ps: glede meg veldig til besøk og kvaltitetstid med deg på fredag:)

    SvarSlett
  4. Godt du er på lufto igjen, Solveig!

    Tek du turen innom min blogg ligg det ei utfordring å ventar...Håpar du tek den...

    marian

    SvarSlett
  5. Deilig med en fridag, der en kan pleie seg selv litt, og gjerne komme ajour med husarbeid.

    Ønsker deg en flott torsdag, klem ann helen.

    SvarSlett