torsdag 13. oktober 2011

Palletrapp


Europallar er jo verkeleg "inn i tiden". Vi har ei skikkeleg palletrapp opp til nyahuset.


Inngangspartiet.

Takpanner er på plass. Endeleg var det opplett nokre dagar, så snikkeren kunne setje inn takvindauga og. Eit på kjøkkenet og eit i trappeoppgangen.


Husbonden sjølv i døropninga.

Mykje er ferdig utvendig, og det er ganske greitt med tanke på at vi har nok mykje å gjere etter at vi har flytta inn og, som blandt anna maling... innvendig skal vi leige folk til å gjere jobben.


Blir nok bra til slutt, sjølv om det framleis er litt som gjenstår. Vakker haustdag i vakre omvikdalen.




Innvendig er isoleringa godt i gang.


Kjøkkenet med utsikt oppøve dalen. 
Her skal spisebordet stå.

Junior har haustferie. Mannen kom heim to dagar før han eigentleg skulle. 2,9 kg Quality Street. Tullemor som sjølv ynskjer å ha på "kjole" i måro. Hotelltur til Bergen med alle 3 goingane mine... 

detta blir ei bra helg!

God helg alle saman!

8 kommentarer:

  1. She is back :-) . Takvindu blir konge :-)

    SvarSlett
  2. Så kjekt å sjå at det går på fram med huset! Kosa dåke i byn, me ska holda fortet på kontoret!! :D

    SvarSlett
  3. Så flott at bloggpausen ikkje varte lenger... ;)
    God helgetur til Bæærgen By..!!!

    SvarSlett
  4. Detta blir spennande! Gler meg på dåkas vegne.
    God tur til byd`n!

    Marian

    SvarSlett
  5. Der var du jo! Så kjekt! Flott at du oppdaterer husbygging. Hvis jeg får komme på din innflytningsfest skal du få komme på min! ;)

    Kos dere masse i Bergen!

    SvarSlett
  6. Du er heilt "in" der ja☺
    Kjempefint huset blir☺

    Klem M♥

    ...fått med deg at eg har ny bloggadresse??

    SvarSlett
  7. Åh, tenk å ha takvindauga på kjøkkenet, og stoooooore vindauger ved spisebordet.

    Tippar huset vert ein draum!

    Håpar du har ei herleg helg i Bærgen!

    SvarSlett