søndag 27. februar 2011

Kreativiteten blømer, del 2


På fredag var eg på Stoff og Stil og fekk ny inspirasjon! Eg hadde valgt meg ut dette stoffet de ser på bildet, og medan ei av dei som jobbar der klypte det opp for meg, såg eg ei slik tavle henge på veggen. 

På Europris kjøpte eg for 2 år sidan, nokre blanke lerret ( som planen var at ungane skulle male på.....men som vart liggande...) og det kom eg på i dag. 

Med stiftepistol og saks, var det berre å setje i gang!


Litt sløyfeband hadde eg liggande, og einaste utfordringa var å få det stramt nok, sånn at eg kan feste bilder og andre ting innimellom.


                                        Her er baksida, og det var svært enkelt å stifte det på!

No ventar vi bessen på heimalaga kjøttkaker, som mannen skal få all ære for i dag! Bestemor er på sin årlege sydentur, i ikkje mindre enn 5 veker, og då må vi "passe på" bessen litt!

4 kommentarer:

  1. Oi så fin!
    Eg laga faktisk ei sånn ei eg og ein gong.. mon tru om eg ikkje fant den vekkstua på syrommet når eg rydda no? hmm..
    Stoff og stil har jo såå mykje fine stoff! Eg tenker ofte at eg skal ta turen på den "skikkelige" butikken.. men ende alltid opp med å bare bestille fra nett... Lenge leve det enklaste..hihi..

    Ha ein strålande søndag (med VM gull og alt..)!!

    SvarSlett
  2. Oi kor flott!! Sånn at eg snart må prøve sjøl, du får det jo til å sjå så enkelt ut! :)

    SvarSlett
  3. Kjempefin!☺
    Sku hatt meg ein tur innom stoff&stil eg og☺

    Klem M♥

    SvarSlett
  4. Wow så stilig! Lekker!!!!Og inspirerende!!!

    Klemmer

    SvarSlett