tirsdag 1. mars 2011

Inspirasjonstur


Sist fredag var eg og mannen på inspirasjonstur til Bergen. Vi var innom Ikea, HTH, Stoff og Stil ( veeel, det var vel mest for min del nett no, og hadde lite med nytt hus å gjere...) og "Gjør din bolig bedre messe".

Ikea er det det er, og du får det du får. Dei heldt på å lage utstilling av kjøkkenet eg vil ha. Difor må eg nok tilbake om ikkje alt for lenge og sjå meir. Litt dumt at ikkje dei hadde klart å lage det ferdig til eg kom, synst no eg.

HTH var ein stor skuffelse i butikken på Danmarksplass. Dårleg service, og egentlig dårleg utstilling, spør du meg.




                                           Kvit ovn og micro til kvitt høyglans kjøkken?


Eg skal ikkje ha den kvite porselens vasken, som mange andre i bloggverden drøymer om. Eg er godt nøgd med vanleg stålvask. Den skal vere nedfelt i benkeplata. Får vi det dersom vi velger heiltre-plate?


Enkel trapp, kvit med ask-trinn, stål rekkverk. Draumen er glassrekkverk. Men kva trur du det kosta? Mykje meir enn da vi kan prioritera til trapp. Kanskje eg får det oppe i gangen, langs trappeholet?


 I "gamla huset" hadde vi eit høgskap, der skuffene var festa i døro. Vi trakk ut heila skapet når vi åpna døra. Her er det heller mange skuffer vi kan trekke ut, og eg trur vi går for den.


Og jammen meg er det komme ein ny type karusell til panner etc. Denne kan du dra ut av skapet, mot deg, og ikkje ein sånn som bare går rundt i ring...Herleg alltså.


Denna benkeplata likte eg. Eg vil eigentleg ikkje ha olja eik plate, fordi eg vil ha ting mest mogeleg vedlikehaldsfritt. ( Vi har olja eik spisebord, og dersom du gløymer eit glas med litt vatn under, ja, då har du ringen der! ) Eg vert nøgd med ei laminert plate, bare eg finn den eg likar.

Og det vert ikkje fingermerker på da kvita høyglans kjøkkenet!! 

Har du noko tips til ting vi bør tenke på når vi skal bygge kjøkkenet vårt? 

2 kommentarer:

  1. Hei på deg!
    Jeg har funnet bloggen din og synes den er veldig fin! Gøy å følge med på husbygging. Jeg kan bare si; Gled dere!!! Deilig med nytt, og høyglanskjøkken er underbart! Og om det synes fingeravtrykk så er det bare positivt, da ser du hvor skiten er og kan tørke det vekk lett som en plett:)
    Lykke til! Klem fra Linda i Sverige.

    SvarSlett
  2. Hei hei!! Veldig fin blogg du har!! Vi har kvitt høyglans kjøkken frå Ikea, kvit mikro og kvit steikje ovn, kokeplater nedfelt i mørk grå benkeplate. Vi har masse masse benkeplass. Er stålkant rundt benkeplatene.
    Er kjempe fornøgd med alt!!! Kjøpte håndtak på Kvik, ligg veldig nær Ikea. fant ikkje nokon eg likte på Ikea, Kvik hadde mange fine, fine kjøkken og til en grei pris.
    Lykke til vidare med husbygginga.
    Hilsen fra Sotra.

    SvarSlett