onsdag 26. januar 2011

Sykafè

I går kveld var vi 5 damer som møttes i Raudaløo og hadde sykafè. 
Mamma skulle sitje barnevakt her, men tilbydde seg å ha begge dei håpefulle på overnatting. Eg kunne då sy så lenge eg ville, og bare tenka på meg sjølv. ( Tusen takk, mamma!)

Og resultatet vart desse to flotte putene!

 Inspirasjonen til desse putene har eg fått av Mariann med bloggen Marihøno. Ho har lært meg "prinsippet" bak denne typen puter, og det er noko med det du kan...då vert det plutseleg ikkje så vanskeleg lenger.

Rosestoffet er kjøpt på Stoff og Stil, linstoffet er restar frå Julasokkane eg laga til ungane, blondene frå Sundal´n, "silkebånd" er gjenbruk, og baksida er frå eit gamalt overlaken, som mamma hadde liggande! Så her er det gjenbruk og nytt om kvarandre!
På baksida tok eg med ein liten detalj, som desverre ikkje viste så godt på bildet. Det er brodert inn initialene til den som skulle ha, eller som hadde sydd dette overlakenet. Sånne detaljar er kjekt å ha med!
 Sånn ser det ut når vi held på!

8 kommentarer:

  1. Nydelig pute, og så koselig det høres ut med sykafè da.

    Fin onsdag til deg, klem ann helen.

    SvarSlett
  2. Så flink du har vore, Solveig - ja, ikkje berre har du sydd dei fine putene, men du har laga det flotte blogginnlegget òg! Supert! Kanskje eg låne bilde frå inni Raualøo hos deg - kan eg det?

    Håpar du har hatt ein fin fridag!

    Marian

    SvarSlett
  3. Sjølvsagt kan du låna bilde! men det vart ikkje så bra....

    SvarSlett
  4. Så fin! Jeg vil og være med på syklubb :)

    SvarSlett
  5. Så flotte puter du har laga! Tar du imot bestilling???? :)

    SvarSlett
  6. Så fine dei blei begge to:)

    SvarSlett
  7. Fine ting du har sydd,ser kjekt ut.

    SvarSlett
  8. Flinka husmor Solveig :-)

    Nydelig sammensetning av nytt og gammalt!!!

    SvarSlett