lørdag 29. januar 2011

Litt innslag av; ROSA


 Eg er glad i ROSA. Og etter at eg hadde handla noko godis på Stemning i dag, tenkte eg at eit innlegg om rosa var på sin plass. Sidan det framleis er ganske grått ute, og rosa kanskje høyrer meir vår og sommar til for min del, så har eg haldt litt igjen. Men før eg har ete alt opp, så måtte eg forevige det!




 Tullemor er rosa i dag, og ho fekk dette flotte Mossi Sussi fleece teppet då ho vart fødd. Ho bruker det omlag kvar dag. Heldige ho!
I går kveld sydde eg to sofaputer i rein rosa. Det er eit gamalt laken som har komme til nytta. Og den rette rosafargen!

Eg reiste til Rosendal for å gjere nokre innkjøp i dag. Pakka ungar og meg sjølv i bilen, og byrja handle. Men kor var lommeboka?? Den låg heime på kjøkkenet...Heldigvis bur vi på ein liten plass, der dei fleste kjenner meg. Eg fekk difor lov å skive på bokhandlaren ( Tusen takk!) og mamma lånte meg så eg fekk kjøpt det mest nødvendige; is og avis, stearinlys og rosa godis....!

Til mi store fortviling (!) og lettelse (!) vart det ikkje kjøpt noko anna på Stemning! Eg skal jo ikkje kjøpe noko no...

I dag skal junior på overnatting hos nabo-kompisen, eg og tullemor skal på besøk i Rosendal!! Gler oss alle!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar