torsdag 13. mai 2010

Fina været!


Her kan vi drikka morgonkaffien vår. Her kjem sola over Kvitegga ganske så tidleg! Mannen har laga ein gangveg/terasse frå døra til stova, og rundt til resten av terrassen.

I dag er det torsdag, og Kristi Himmelfartsdag. Vi har vore på sykkeltur til bestemor og ete is! poden på 5 år sykla heile vegen, gjennom "lundsnessvingane", og heilt opp. Eg er stolt av han idag! Fina været og beine vegen, rett og slett!

For dei som lurer på salg av huset, så er det i gang. Vi har fått inn eit bud. Vi ynskjer litt meir for det, og ventar no på at andre skal by litt høgare. Det fyrste budet står til onsdag 19. mai, så då håpar vi på ei avgjerd etter det. Eg personleg kunne tenkt meg at det gjekk litt raskare, men som selgar må eg ha is i magen!

I kveld reise mannen på jobb i 14 dagar. Så det blir ikkje pølsa og is på han i Omvikdalen på 17. mai i år!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar