søndag 21. mars 2010

Søndag!

Har du av og til følt at du skulle ønska den neste dagen aldri kom? Sånn kjenne eg da no! Eg skal til Bergen i anledning jobben min, i 4 dagar. Det er ikkje det kjekkaste med jobben, men absolutt ein del av den. Og no skal eg snart avgårde. Ikkje likar eg å vere vekke frå ungane i 4 dagar heller, men heldigvis er pappen heima denne gangen, så då er det greitt.

Men helga har vore fin den. No er all snøen vekke, og eg ser nye vårteikn overalt. Fuglakvitring kl 5 var det og i dag....det beskriv vel kanskje kva tid tullemor var våken idag?!



Denne flotte korga-lykta er det ein historie bak. Eg skulle innom på Stemning på fridagen min. Og utanfor stod det masse varer til minus 70 %. Eg såg denne lykta, og tenkte ." ka e da Margreta tenke på no??" og gjekk bort for å kapre denne. Men så var glasset som skal vere inni knust. Så eg måtte informere eigaren om dette. Så eg tok no turen inn for å kjøpe gevinst til jobblotteriet, og såg til min forskrekkelse at Margreta sku hiva heile greia. Så eg spurte rett og slett om å få den. Og da fekk eg. Mot at eg gjekk i glaskontaineren med det knuste ( da sa kje ho, men eg tilbydde meg da!) Så fann eg ein glasvase på blomabutikken som passa perfekt oppi! Lucky me alltså!

4 kommentarer:

  1. Den var fin å pynteleg:) God tur til Bergen:)

    SvarSlett
  2. Den lykta va rett og slett LEKKER! Lykke til i Bergen. Skjønna det med å vere vekke frå sine søte små. Men dei er no i gode hender med pappaen då, og så får du ringe flittig :)

    SvarSlett
  3. Fin lykt!

    Lykke te i Bergen... Krysse fingrane....!

    ATK
    (som ikkje får te å logga på!!)

    SvarSlett
  4. Heldige og smarte du :) Lykke te i Bergen, dagane kjem te å fyka og plutselig e du heime igjen hos de andre :)

    SvarSlett