fredag 21. august 2009

Kveldskos

Sitte her inne i varmen og kosar meg. Ute regnar da masse, og da e haust. I går fekk vi eit lite varsel om ka vi egentli har gått glipp av i sommar...29,5 grader viste da på bilen kl 15. Og prinsesso hadde sommarkjolen på, og prinsen shorts, heilt te regnet kom rundt barne-tv tid. Så var det over, like fort som den kom.

I dag var det jobb igjen. Eg har ein spanande haust i møte der. Litt omorganisering, som gjer at eg får jobba med da eg like best. Så eg gler meg te å ta fatt på ny veka! Og med mann som skal byrje i oljo igjen, og ALT som skjer når han har jobbeperiode, så kan ting verte utfordande. Men eg er jo kjent for å ta nye utfordringar på strak arm, så....eller?? Vel, synst no sjølv at eg er flink å omstille meg. Godt eg har så mange folk rundt meg te å hjelpe til! Takk for da!

I kveld har mannen gutta-fest i "furtebuo" si. Så eg sitte inne med stearinlys frå bryllaupet (va eit par igjen ja..) og Amanda på tv. Heilt topp! Ha ei fin helg alle saman!

4 kommentarer:

  1. Å så godt å kosa seg litt aleina :-)
    Nå nærme det seg at me komme heim igjen... Blir litt godt og :-)

    Nyt helgå :-)

    ATK

    SvarSlett
  2. Når mørke sige på er det godt å knyte beina oppunder seg i sofaen, tenne lys å kikke på tv´n, spesielt visst det er ruskevær ute attpåtil...
    Måtte bare få sei tusen takk for eit aldeles nydeli takkekort. Dåke er bare så flotte heile gjengen.
    Trur eg må få komma ned ein dag å sjå fleire av bilda dine..

    Kristin H :)

    SvarSlett
  3. Hei Solveig! Lenge sidan eg har vore innom bloggen din. Her var mange "kvardagsgleder" !!!
    Lerreta kjøpte eg faktisk på EURO PRIS for leeenge sida. Har lenge å venta på loftet ei stund... Du finn full pakke der. Lerret, maling, pensler etc.

    God helg. Klem F (Tre kusiner)

    SvarSlett
  4. Så koseleg...hausten er faktisk ei fin tid, hadde det ikkje vore for at vi ikkje har fått hatt så mykje sommar først...
    Godt at du også har mange gode hjelparar rundt deg når mannen reise på jobb. Det hjelpe på!
    Klem frå oss tre (fire me katta)

    SvarSlett