fredag 22. mai 2009

Nytt kjøkken for 400 kr

I dag har eg vore heima med to små, då det har vore planleggingsdag. Så når minstejenta søv, og eldstemann ser på Handy Manny...kan mor sitta på nettet og sjå på bloggar...og då vart eg så inspirert. Så eg klødde i fingrane itte å fornya kjøkkenet litt. Etter 5 år med orange dukar og mørkebrune potter ( ja, eg gløymte å ta "før-bilde"), så var eg klar for forlysing. Så då mannen var komt heim, og fiskabollane var fortært, for eg avgårekåre til Rosendal på shopping. Dukar og t-lys vart kjøpt hos Tilbords og blomapotter hos familiebedrifta Fredheim Blomster!! Alle viser ikkje på desse bilda, men er veldi fine....har to i vinduskarmen.


Og så fann eg eit kakefat som eg har fått hos mamma, som duger bra som fruktfat og...

Og vips så fekk eg eit nytt kjøkken for nokre hundrelappar. Eg har same stoff i brikke på kjøkkenbordet og. Men med ein eittåring i huset, er den liten, og kan ikkje dragast av bordet...

1 kommentar:

  1. Så flott det blei :-)
    Kjekt med forandring!!
    Nydelige rose -e det sånne som tåler å stå inne???
    *Anne Tone*

    SvarSlett